Ordet «ubuntu» har opprinnelse i det bantiske språket nguni i Sør-Afrika, og kan blant anna bety «godheit, medmenneskeligheit, medfølelse, generøsitet, vilje til å tilgi urett e.l». Tankesettet som dette ordet representerer vert ansett som ein tradisjonell livsfilosofi i fleire afrikanske kulturar, og særleg i sørlegare områder av kontinentet.

Ubuntu som filosofisk og etisk livssyn er eit humanistisk perspektiv som legg vekt på fellesskap og menneske sine forbindelsar og forhold til kvarandre. Den sentrale ideen er interdependens; dvs. vår avhengigheit av kvarandre, og til naturen. Filosofien vert ofte oppsummert i uttrykket: «Eg er fordi du er, og du er fordi vi er». Alternativt; “du er, derfor er eg”, som vert ein slags kontrast til Descartes sitt “eg tenker, derfor er eg”. Det handlar kort og godt om at vi vert mennesker gjennom andre mennesker.

Ubuntu anerkjenner betydningen av individualitet; at kvar enkelt skal respekterast som sin eigen, autentiske stemme, men står samtidig i sterk kontrast til individualisme, egoisme og sjølvsentrering. Det kollektivistiske fokuset understreker at vår menneskelegheit veks ut av, og vert til i samspel med felleskapet, og erkjenninga av at vi saman er meir enn summen av alle. Under krevande naturforhold der denne filosofien har vakse fram vert dette også ein slags overlevelsesstrategi. Som Tomm Kristiansen beskriv det; ein har ikkje råd til å ha fiendar.

Begrepet kan anvendast som individuell og kollektiv livsvisdom, og typiske normer og verdiar som veks ut av tankegangen er omsorg for storfamilien, fellesskap på tvers av generasjonar, gjestfriheit i møte med både naboar og framande, og god tid i møte med den enkelte. Dette er i dei fleste situasjonar ein stor styrke for både individ og kollektiv, men kan og bidra til å halde den enkelte tilbake. Har du ressursar og pengar til overs så er det forventa at du deler, og har du fått utdanning og jobb så skal du bidra overfor alle. Nokon kan då oppleve at forventningane gjer det vanskeleg å bygge opp sitt eige sjølvstendige liv.

I ei tradisjonell religiøs ramme vil ein og forstå interdependens som avhengigheit til f.eks forfedre og den åndelege verden, men i nyare former har ubuntu blitt meir anvendt som eit allment og humanistisk prega filosofisk konsept. I begge variantane vektleggast det uansett viktigheten av å forstå og respektere fortida for å kunne finne gode svar for framtida.

Biskop Desmond Tutu populariserte begrepet gjennom forsoningsprosessen i Sør-Afrika etter apartheid, i kombinasjon med kristen forsoningslære. Dette kan stå i kontrast til delar av afrikansk historie som er prega av hierarki, autoritære leiarar, og voldelege motsetningar, men ubuntu representerer ein tradisjon for korleis konflikter likevel brukar å verte løyste til slutt. Ulike meiningar vert omtalt som ulike fargar, og grunntanken i prosessen er at vi kan ha opplevd forskjellige ting, men erfaringane er dei same. To parter kan f.eks begge ha minsta nokon, og ein kan gjensidig vere skuld i dette tapet, men gjennom det har begge parter også ei delt erfaring av sorg. Gjennom Sannings- og forsoningskommisjonen danna desse skriftemåla grunnlaget for amnesti.

Denne forsoningstanken gav opphav til Nelson Mandels beskrivelse av Sør-Afrika som “The Rainbow Nation”. Slik kan ubuntu også anvendast som sosial-politisk teori der det demokratiske prinsippet bygger på tanken om “einigheit under landsbytreet” gjennom lytting, samtale, og felles forståing.

I nyare tid har ubuntu også blitt utvikla som ledelsesfilosofi, og inspirert juridisk tenkning. Som ledelsesteori handlar det om å legge grådigheit og einsidig økonomisk gevinst til side i jakta på gode vinn-vinn-løysingar for alle parter. Stikkord er ærlegheit, trufastheit, empati, og omsorg, med mål for leiinga om å lykkast gjennom medarbeidarane. Innan jusen handlar grunnprinsippet om gjenopprettande rettferd, det forsoning skjer ved at overgripar møter offeret i påhøyr av fellesskapet, og soning ved at overgripar tek ansvar for offeret. Dette låg bl.a til grunn for forsoningsprosessen etter folkemordet i Rwanda.

Frå eit bibelsk perspektiv vil ein kunne finne at mange av dei grunnleggande ideane og normene i ubuntu er forenlige med kristen virkelighetsoppfatning og verdisyn.

I videoen over gjev professor James Ogude ei innføring i grunnprinsippa til ubuntu. Den interesserte kan òg lese Tomm Kristiansen sine levande skildringar av ubuntu i praksis frå boka “Afrika på 200 sider”.

Print Friendly, PDF & Email