Nokre prinsipp for undervisning i Religion og etikk
Kristne friskular er ut frå godkjenninga forplikta på å undervise i samsvar med sitt verdigrunnlag. Det handler ikkje berre om KVA vi underviser, men og om KORLEIS vi underviser. Det er ikkje likegyldig korleis ein lærer noko! Læring i fellesskap styrker både læringa og fellesskapet, og tilfører kunnskapen større verdi og relevans. Kristne verdiar skal prege undervisninga i alle fag, og Religion og etikk kan vere eit nøkkelfag for å utvikle forholdet mellom fag og tru ved skulane våre. Dette må og gjennspegle seg å måten vi jobbar med faget på. Metodisk har religionsfaget ei god «verktøykasse» av nyttige begrep, metodar og perspektiv frå religionsvitenskap og filosofi, og særleg frå epistemologi og etikk, som kan hjelpe oss i alle fag til å:
- sette fag og tema inn i ein større samanheng av hensikt og meining
- forstå oss sjølv og fellesskapet betre i lys av fag og kontekst
- grunngje, og tenke kritisk om eiga erfaring og eigen ståstad
- grunngje, og tenke kritisk om kunnskap, kjelder, og vitenskapens moglegheter og begrensninger
- grunngje, og tenke kritisk om eigen og andre sin kultur, tradisjon, haldningar og handlingar
Kva vil det så seie å undervise «kristeleg» i religion og etikk? I stor grad handlar det om grunnleggande god pedagogikk, kjærleik til faget, eit positivt elevsyn, eit respektfullt menneskesyn i møte med den enkelte, bevisstheit om fellesskapet, og eit reflektert forhold omkring si eiga rolle som lærar. Her må kvar og ein bruke seg sjølv og forme sin «stil» i samspel med kolleger, klassar, fag, læreverk og læreplanar. Den metodiske fridomen er stor, men vi peikar likevel på eit par prinsipp som bør prege undervisning generelt, og religionsfaget spesielt. Endå meir gjeld dette ved skular tufta på det kristne verdigrunnlaget. Vi kan kjenne igjen mange av desse formidlingsmåtane frå både GT og NT sine mangfoldige fortellingar og tekstar, noko som både gjev pedagogisk grunngjeving og inspirasjon til det vi gjer:
- Dialog og samtale: Religion og etikk er også eit holdningsdannande fag, og varig dannelse setter seg meir «i kroppen» gjennom tovegs involvering som aktiv lytting, og utveksling av tankar, synspunkt, meiningar og argument enn det du får i einvegs kunnskapsformidling.
- Utvikle refleksjon og tenkeferdighet: Ny, relevant kunnskap skapast gjennom eit bevisst og kritisk forhold til informasjon, som både utfordrar forestillingar, setter ting i samanheng, og utleier følger og praktiske konsekvensar i den virkelige verden.
- Våg å vite, og still konstruktive spørsmål ved alt.
- Gje tid til meta-samtalen der elevane får oppsummere og sette ord på kva dei har lært (om fag, seg sjølv, og andre), bevisstgjere korleis dei lærte det, og vurdere praktiske følger av de nye kunnskapen i livet og i verden. Verkeleg, virkningsfull læring for livet skjer på dette nivået!
- Sanning og redelighet: Formidlinga må vere prega av presisjon, nyansar og forbehold slik at den skaper gjenkjennelse hos dei som f.eks tilhøyrer eit livssyn, og forebygger negative stereotypiar eller ukritiske «eksotiseringer» (typisk «overpositive» framstillingar av marginale fenomen hos minoritetar).
- Bruk fagbegrepa! Begrep er til for å begripe, og den ekstra anstrengelsen det er for elevane å lære seg fagbegrepa vil hjelpe dei til å løfte faget, forståelse og eigen prestasjon.
- Bruk ressursane blant elevane i klassen: Jobb for å skape eit miljø der det er rom og tryggheit for å dele tru, tvil og livssyn i klassen, også for dei som er i mindretall, men avklar på førehand før du utfordrar elevar i plenum.
- Likheit og forskjell: Utfordre elevane til å aktivt finne og anerkjenne det ein har felles på tvers av livssyn, men også evne til å presist og nyansert identifisere det som skiller mellom livssyn, og mellom retningar innad i livssyn.
- La religionane og livssyna komme til orde: Dra på ekskursjon til religiøse forsamlingslokaler, inviter representantar for livssyna på besøk, eller bruk ressursar frå nett og tv.
- Bruk autentiske tekstar frå religionens eller livssynets eigne autorative samlingar, både for samanlikning, og for å få fram særpreg.
- Bruk fortellingane. Gode historier modellerer konsepta for oss, og gjev oss førebilete for liv , haldningar og handling.
- Bruk kunst, symbol og materielle uttrykk i undervisninga, då dette for mange fungerer betre som «knaggar» for kunnskapen enn tekst og teoretiske begrep.
- Tilpass klasseromsoppsettet etter tema og metode: Rydd vekk pultar, sitt i ring, sitt på «filosofi-krakk», arranger filosofi-kafè, bruk andre rom, gå ut, gjennomfør «walk and talk» osv
- Jobb med å utvikle eit språk i klassen for inkluderande anerkjenning av kvarandre, og respektfull utfordring av kvarandres synspunkt. Eit språk som:
- tek på alvor at fag alltid handler om mennesker
- hjelper å uttrykke eigne erfaringar, meningar og haldningar
- hjelper å lytte til andre si erfaringar, meiningar og haldningar
- gjev rom for å utfordre kvarandre sine utsegner og haldningar
- ikkje generaliserer, men tek høgde for at det er stort mangfold og variasjon
- tek høgde for at ein alltid talar ut frå sin eigen ståstad, og audmjukheit for at vi alle forstår stykkevis og delt