Hva «tror vi» når vi sitter foran lerretet – og hva har filmopplevelsen gjort med troen vår når lyset blir slått på igjen, spør artikkelforfatteren


Kompetansemål


Sterke filmforteljingar pregar starten på kinoåret 2013. Hobbiten – en uventet reise er framleis på kinotoppen, medHistorien om Pi hakk i hel. I morgon er det så duka for Norgespremiere på den mykje omtala Les Miserables.

«En film kan få taket til å løfte seg og verden til å åpne seg, den kan få ikke-troende til å tro på Gud, på Den Store Kjærligheten, Det Menneskelige Offer, på Meningen, Rettferdigheten og Den Lykkelige Slutt. Det spiller ingen rolle hva vi tror før lyset blir slått av i kinosalen. Foran lerretet tror vi», seie filmkritikar Anne Hoff, og det med rette.

Filmmediet er utvilsamt eit sterkt medium, som ved å møte fleire av sansane våre samstundes, dreg oss inn i sitt univers. Spørsmålet er då kva verdiar, haldningar og livssyn som ligg i filmforteljinga, og kva desse gjer med oss. Ja; kva «trur vi» når vi sit framføre lerretet – og kva har filmopplevinga gjort med trua vår når lyset vert slått på igjen? Filmforteljingane er langt frå nøytrale, og vi er langt frå immune…

Kva så med forteljingane Life of Pi og Les Miserables? Begge tek opp eksistensielle spørsmål med tydeleg religiøs referanseramme. Guten Pi vert tidleg interessert i religion og får impulsar både frå hinduisme, katolisisme og islam. På den dramatiske ferda der kun Pi overlever når familien forlet idylliske omgjevnader i India og dreg sjøvegen i retning Canada, stiller Pi mange spørsmål til gud om meininga med lidinga si. Men det er uklart kva for ein gud han vender seg til. I slutten av filmen seier då òg den vaksne Pi at trua er eit hus med mange rom, og at han framleis er både hindu, katolikk og muslim.

Liding står òg sentralt i Les Mis, der eit turbulent Frankrike på 1800-talet er ramma, og der hovudpersonane strever for å få eit betre liv. Utfriing – i vid forstand – er eit sentralt tema, saman med identitet, menneskeverd, rettferd, nåde og håp. Nettopp koplinga mellom utfriing og nåde er her interessant, i det den tidlegare straff-fangen Jean Valjean vert møtt med nåde når han stel sølvtøy frå biskopen, og sjølv viser nåde i møte med andre på livsvandringa vidare. I den aller siste replikken sin seier han: «Å elske eit anna menneske, er å sjå Guds ansikt».

Kva «trur» så publikum, der ein i kinomørket «er» i desse sterke filmforteljingane? Og kva skjer etterpå? Sitatet frå Hoff strekar under kor viktig det er å ha eit medvite, respektfullt møte med filmane. Både det emosjonelle, estetiske, etiske og livssynsmessige nivået er då vesentleg. Dess meir vi øver opp blikket, dess klarare ser vi spora av livssyn i ulike deler av filmen, og dess meir forstår vi kvifor vi «trur» som vi gjer i kinosalen. Men eit femte nivå hjelper oss til medvite val vidare; nemleg ei vurdering av bodskapen ut frå eige livssyn. Berre då får vi eit fullverdig møte med filmen.

Møtet med Life of Pi var utvilsamt ei stor oppleving, og alt tyder på at Les Mis blir ein suksess. Men midt i den store kunsten er spørsmålet kva relativismen i Life of Pi og teismen i Les Mis gjer med trua til filmsjåaren når lyset er slått på igjen?

Margunn Serigstad Dahle. Artikkelen stod på trykk som kulurnotat i avisen Dagen 17. januar 2013.

Print Friendly, PDF & Email