Kristenretten vart innført som lovtekst på norsk jord i 1024. Originaldokumentet er derimot ikkje kjent. Slik vi kjenner til innhaldet i denne lova så er det gjennom tillegg av ein innleiande kristendomsdel i lovbøkene til dei regionale tinga, Gulatinget (Gulen, Vestland), Frostatinget (Frosta, Trøndelag), Eidsivatinget (Eidsvoll, Viken) og Borgartinget (Sarpsborg, Viken). Desse er derimot ikkje fullt ut likelydande, noko som viser eit visst rom for lokal forhandlingsrett og pragmatisme.

I denne podcast-episoden frå ANNO1024 kan du høyre meir om korleis denne prosessen moglegeins har gått føre seg: Kva skjedde på Moster?

Gulating var antakeleg først ute med sitt tillegg, og HER KAN DU LESE GULATINGSLOVA MED KRISTENRETTS-BOLKEN i dansk omsetjing. Eller eventuelt her på NORRØNT.

 
Print Friendly, PDF & Email