En fordypningsressurs for læreren om «kristen tenkning». Ressursen består av tre deler og er utarbeidet av tidligere Dagen-redaktør Johannes Kleppa. Temaer som Bibelens åpenbaring, menneskesyn, historiesyn, kultursyn, synet på samfunnet m.m. tas opp her. Lærere ved kristne grunnskoler og videregående skoler har allerede benyttet seg av ressursen, og ønsker at flere skal få del i den via KrdOnline.

Kristen tenkning del I: Grunnsyn (Last ned PDF)
Kristen tenkning del II: Overblikk over historien (Last ned PDF)

Kristen tenking del III: Utfordringar i dagens samfunn

 

Last ned PDF

Forfattar: Johannes Keppa
(Foto: Årseth Bedehus)

 

Innhold
1 Nokre aktuelle område
1.1 Fornuft og politikk
1.2 Fleirtal og mindretal
1.3 Saten og individet
1.4 Overordna verdiar
2 Nokre aktuelle ideologier
2.1 Evolusjonslæra og skapinga
2.1.1 Meininga med livet
2.1.2 Abort og bioteknologi
2.1.3 Kroppsdyrking
2.1.4 Sex og samliv
2.2 Rasjonalismen og Guds vilje
2.2.1 Etikk og lovgjeving
2.2.2 Opprør mot Gud
2.3 Postmodernismen og sanninga
2.4 Samfunnet og religion
2.4.1 Materialsimen og sekulariseringa
2.4.2 Kristentrua i samfunnet

 

Utfordringar i dagens samfunn i lys av kristen tenking

Når vi skal vurdera samfunnet vårt ut frå kristen tenking, er det
viktig at vi har klart føre oss det som vi tidlegare har sagt om sondringa
mellom det åndelege og det verdslege regimentet, altså at Gud styrer ulikt
med tanke på den evige frelsa og livet her på jorda. Når vi ser praktisk på
det, er svært mykje av det som skjer i samfunnet, slikt som ein ikkje kan
leggja eit spesielt kristent mål på, fordi det er underlagt fornufta.

Gud har skapt oss med fornuft og det meste i samfunnet har han lagt under
fornufta, slik at når det vert styrt etter sunn fornuft, er det i samsvar
med Guds vilje med samfunnet – og når det gjeld fornuft, står kristne og
ikkje-kristne likt. Dette høyrer til det kultur- og forvaltaroppdraget
mennesket fekk ved skapinga (1 Mos 1, 26-30).

1 Nokre aktuelle område
1.1 Fornuft og politikk
Vi skal ikkje ta opp dei mange områda som ligg under fornufta og vurdera
samfunnet vårt på desse områda. På dei områda må vi generelt tenkja i lys av
skapinga og skaparordningane, det kristne menneskesynet og nestekjærleiken.
Vi nemner berre nokre døme på dette, for å visa kva vi meiner med det.
Deretter skal vi ta opp ein del område der kristen tenking, kristen etikk og
kristent verdisyn er aktuelt, fordi det er område der Guds ord uttalar seg
direkte, og der vi difor ikkje berre kan overlata det heile til menneskets
fornuft.Det er fornufta som gjeld når det er spørsmål om vegbygging, både med tanke
på kor ein veg skal gå og korleis han skal byggjast – ut frå kva som tener
folket best. Også trafikkreglar kjem under kva som er fornuftig, men ut frå
hovudprinsippet om å verna om menneskets liv. Det same gjeld reguleringa av
bustadområde, og korleis hus skal byggjast.
Sjølv om Bibelen talar om livsvern og menneskeverd, ligg det til fornufta
korleis helse- og sosialvesenet skal organiserast. Bibelen seier at vi skal
betala skatt, men det ligg til fornufta korleis det skal gjerast og kor
store skattane og avgiftene skal vera. Opplegget for skulevesenet høyrer
også inn under fornufta, sjølv om Guds ord lærer oss at det er foreldra som
har ansvaret for oppsedinga av borna, og Guds ord legg vekt på sann
gudskunnskap. Slik kunne vi halda på når det gjeld politiet, forsvaret,
bankvesenet, forsikringsordningar, idrett, naturforvalting og mykje meir.Når det på slike område vert styrt mest mogleg fornuftig og slik folk vert
samde om gjennom politiske organ eller på anna måte, er det i samsvar med
Guds skaparordningar. Vi kan ikkje seia at den eine løysinga er uttrykk for
Guds vilje, medan andre måtar å gjera det på ville vore mot Guds vilje. Det
vert ei generell vurdering ut frå det forvaltaransvaret mennesket har fått,
slik at godene på jorda skal fordelast på beste måte til fordel for alle –
og særleg i solidaritet med dei svakaste gruppene
1.2 Fleirtal og mindretal
Det vert fleirtalet som bestemmer korleis det skal vera, og med det opptrer
mennesket etter fornufta og skaparordningane, slik at samfunnet fungerer på
ein tenleg måte. Samstundes skal ein ha respekt for mindretalet, fordi dei
som høyrer til her har same menneskeverdet som fleirtalet. Når det gjeld tru
og samvitsspørsmål, skal difor fleirtalet ikkje tvinga eller krenka eit
mindretal. Det ville vera ei krenking av menneskets integritet og verd.
Difor er mindretalsretten viktigt i samfunnet. Dette gjeld menneskerettane
generelt – som særleg verner om mindretalet, og spesielt religionsfridomen.Demokratiet byggjer på at den einskilde kan delta i samfunnsstyringa og med
det er kompetent til å styra. Men det ville føra til kaos og anarki om alle
kunne bestemma for seg sjølv og gjer som ein sjølv vil på alle området.
Samfunnet må ordnast som fellesskap. Det betyr at det er fleirtalet som
bestemmer. Det er godt og fornuftig, men det ligg her også ein fare for at
fleirtalet overkjører mindretalet. Då får vi ei form for diktatur –
fleirtalsdiktatur. Det er ei spesiell freisting for parti og grupperingar
som står for ein medvite ideologi eller ei sterk religiøs overtynding, og
som gjer alt for å få denne gjennomført og gjort gjeldande for flest
mogleg. Difor må ein overfor folk med sterk styringsiver vera kritiske og på
vakt.Faren for fleirtalsdiktatur er særleg stor når slik ideologi er kombinert
med at samfunnet er gjennomorganisert som ein velferdsstat med høgt skatte-
og avgiftnivå, slik som hjå oss. Då kan staten bruka økonomisk makt til å få
gjennom sin vilje. Gjennomsnittleg betalar nordmenn omlag 2/3 av inntekta si
til stat og kommune. Ved at vi har høge inntekter, har dei fleste likevel
meir enn nok att til å leva av sjølve. Derimot har ein heller lite att om
ein vi driva noko berre med private midlar som alternativ til det
offentlege. Det gjeld slik som barnehagar, skular eller ulike tiltak innan
helse- og sosialsektoren.

Skal ein kunne driva slike institusjonar, er ein i praksis avhengig av
statsstøtte, altså av staten. Dersom staten nektar å gje det eller stiller
krav som dei som vil driva det, ikkje kan akseptera, er ein avskoren frå å
driva denne typen tiltak. Då opptrer staten diktatorisk med utgangspunkt i
fleirtalet. Det er einsretting på verdimessige område, og det er å leggja
press på folks samvit, og er difor i strid med statens vesen og oppgåve. Det
er ut frå kristen tenking viktig å sjå til at det ikkje skjer.

1.3 Staten og individet
Vi har sett at så langt tilbake som vi kan føra tenkinga si historie, har
det vore ulike meiningar om kva posisjon samfunnet skal ha i høve til
individet. Vi såg at i Hellas fekk staten ein dominerande posisjon og
funksjon, medan det i Roma vart lagt større vekt på individet og med det på
familien. Dette er på mange måtar den ideologiske kampen mellom venstresida
og høgresida i politikken.Bibelen talar om at keisaren, altså staten og samfunnet, har sin rettmessige
plass og at styresmakta er uttrykk for Guds styringsmåte for samfunnet.
Derimot set ikkje Guds ord staten, samfunnet eller syresmakta på ein
overordna plass i høve til individet eller familien.
Bibelen tek ikkje direkte opp denne problemstillinga, men i dei ti boda og i
formaningane får foreldra ein sentral posisjon. Ut frå det seier Martin
Luther at all mynde går ut frå den mynde foreldra har. Staten og
samfunnsordninga skal difor tena foreldras oppgåve og ansvar.Dette inneber at staten må leggja tilrette for stor fridom og stort ansvar
for individet og familien, berre med den avgrensinga at det ikkje må vera
til skade for andre. Difor er fleksible valordningar og stort rom for å ta
seg av borna eit gode kristent sett, slik som fødselspermisjon,
kontantstøtte, fritt val av barnehage og skule, inkludert heimeundervisning
og friskular, fritt val av sjukehus, sjukeheim og eldreheim – så langt det
er praktisk og økonomisk mogleg.
Dette gjeld særleg på livssynsområde og verdimessige område. Her er det i
landet vårt eit stadig press til å velja eller å verta påtvungne statens,
altså fleirtalets ønskje og ordningar. Det er kristent sett uakseptabelt.

1.4 Overordna verdiar
Sjølv om Gud på slike område som vi her har nemnt, ikkje har gjort kjent sin
vilje på det konkrete planet gjennom Guds ord, vil det ofte vera overordna
verdiar og prinsipp kristent sett som gjev visse føringar for korleis ein
bør tenkja. Det vil tilsvarande vera verdioppfatningar i samfunnet som vil
påverka prioriteringar og val.
Slike overordna verdiar må vi setja eit kritisk søkjelys på, og prøva i lys
av Guds ord. Det kan vera korleis ein legg vekt på det reint materielle i
forhold til det åndelege og evige, eller korleis ein legg vekt på livsrett
og menneskeverd opp mot livsnyting og karriere – for å nemn eit par døme.
Slike problemstillingar kjem vi tilbake til, og dette må vi særleg vurdera
i lys av skapinga.Dei samfunnsområda som kristent sett må få ei spesiell vurdering, er dei som
på ein særleg måte dreier seg om etiske spørsmål – og då særleg der Bibelen
direkte gjev normer gjennom boda og formaningane. Dette gjeld spesielt kva
som vert vektlagt som dei viktigaste verdiane i samfunnet og med det vert
prioriterte, og det gjeld lovgjevinga på dei mest grunnleggjande livsområda
og kva tenking som ligg bak denne. Vi skal ta føre oss fleire område der
dette er aktuelt.
2 Nokre aktuelle ideologier
Når vi skal vurdera det som skjer i samfunnet kristent sett, må vi ta
utgangspunkt i dei livssyna og ideologiane som dominerer i samfunnet og gjev
føringar for politikk og lovgjeving på dei ulike samfunnsområda.
Det vil i vår tid særleg vera det vi har kalla postmodernismen saman med
evolusjonslæra, materialismen og rasjonalismen. Vi skal difor starta med den
tenkinga desse representerer og gå vidare med konkrete utslag av det.
2.1 Evolusjonslæra og skapinga
Vi har tidlegare vist korleis evolusjonslæra avvik frå den bibelske læra om
skapinga, og på viktige område frontkolliderer med Guds tankar om tilværet
og mennesket.Vi har peika på at darwinismens grunnleggjande tanke er at alt
– inkludert mennesket – har vorte til heilt tilfeldig, ved rein slump, utan
mål og meining og der den sterkaste overlever. Dette fører til eit
gjennomført materialistiske, naturalistisk og rasjonalistisk menneskesyn der
det ikkje er noko mål eller meining med livet eller tilværet, eller noko
utafor eller over det materielle. Det er ingen vilja plan bak noko som
helst, og det er i utgangspunktet ikkje noko som er rett eller galt.
2.1.1 Meininga med livet
Denne tanken gjer det frykteleg vanskeleg å leva og fungera som mennesket,
om ein tek han inn over seg, og det svarar heller ikkje til slik dei fleste
opplever livet og forholdet til sine medmennske. Dei fleste opplever livet
og forholdet til sine medmenneske som meiningsfylt. Evolusjonslæra dannar
basis for eit agnostisk eller eller ateistisk livssyn. Det fører i sin
konsekvens til at livet vert meiningslaust, eller at ein må skaffa meininga
i livet sjølv. Det er i det minste svært strevsomt.Det er vanskeleg å koma bort frå at dette er hovudgrunnen til at det er så
mykje frustrasjon, så mykje rusmisbruk, så mykje psykisk liding ut frå
einsemd og meiningsløyse og så mange sjølvmord – særleg blant unge – i
samfunnet vårt. Slik er det trass i at vi lever i eit land med overflod av
materielle gode og velferdsordningar av alle slag.Ein nobelprisvinnar i kjemi, som la eit evolusjonistisk og ateistisk livssyn
til grunn for livet og trudde på det han kalla «den materialistiske
vitenskap», sa at tanken hans var laga for meining og han ønskte å finna
meining, men det var inga meining, og han
konkluderte: «Den filosofien jeg tror på – nemlig at alt er grunnlagt på
tilfeldighet, materie og energi, og at det ikke er noen mening – den
frustrerer meg til døde.» Likevel heldt han fast på sin ateisme, fordi han
rekna denne som sanninga – og det var berre døden som kunne utfria han.
Mennesket er berre det det et og det det gjer, seier dette livssynet.

Det er lite snakk om det vi her peikar på, men det er grunn til å tru at det
pregar samfunnet og folks liv langt sterkare og er eit langt større problem
enn ein er klar over. Når ein er lite oppteken av dette, har det ofte sin
grunn i at ein ikkje tenkjer gjennom samanhengane i livet og i samfunnet. Då
vert ein ikkje medviten kva som styrer eins liv tanke og opplevinga av
livet, og med det vert ein heller ikkje i stand til å gjera noko med det.
Ein snakkar nok også lite om det fordi det er ubehageleg, og det gjer ein
sårbar.

Det er på tide at ein løftar fram den frustrasjonen og den mangelen på glede
og meining som mange – særleg unge – opplever, og som fører inn i einsemd,
overdrive underhaldningsjag, unaturleg livsnyting, seksuell
eksperimentering, rusmisbruk, pillemisbruk og i det ytterste sjølvmord.
Det seiest at mennesket er det einaste levande vesen som tek sitt eige liv,
og det er nettopp uttrykk for at mennesket er eit tenkjande vesen som leitar
etter og treng meining i livet. Talet på sjølvmord er med det som eit
barometer på livskvaliteten i samfunnet.

Det må spørjast etter grunnen til det vi her kort har skissert. Kva er det
som skaper denne situasjonen? Då må ein ikkje berre sjå på overflata, men gå
inn i den tenkinga som har vokse fram, og der utviklingslæra er sentral. Som
alternativ bør ein sjå på kva den kristne skapartanken ville gje som
fundament for livet. Kristen tenking gjev mål og meining ut frå Guds vilje
med skaparverket og spesielt med mennesket.

2.1.2 Abort og bioteknologi
Sidan darwinismen er reint materialistisk og naturalistisk, får han negative
konsekvensar også ut over det vi her har påpeikt, og då reint praktisk med
tanke på menneskeverdet og livsretten. Sidan mennesket ikkje er meir enn
rein materie, står mennesket på line med dyra og naturen generelt. Difor er
det ikkje grunn til å gje mennesket eit spesielt vern. Dessutan er mennesket
berre på eit tilfeldig trinn på utviklingsstigen og skal utvikla seg vidare
på tilfeldig vis ut frå den sterkaste sin rett. Dette legg til rette for
ordningar der menneske med sjukdom eller funksjonshemmingar av ulike slag
vert valde bort, og der det «perfekte» menneske får forrang og sjanse til å
utvikla seg.Abortlova er med det eit ektefødd barn av darwinismen, og då kan fosteret
med rette omtalast som ein celleklump i magen på mora. Det heile dreier seg
om materie, og kan fjernast eller manipulerast som all anna materie. Ei
liberal bioteknologilov er då sjølvsagd, slik at vi kan sortera blant og
endra på den materien som skal verta til det vi omtalar som menneske. Då får
vi det vi kallar sorteringssamfunnet, som inneber ei sortering av kva salgs
menneske vi vil ha, og kva menneske som skal verta fødde.Tilsvarande vert det ved alvorleg sjukdom og livets avslutning. Om den
medisinsk hjelpa skal vera til å leva eller til å døy, vert eit praktisk og
pragmatisk spørsmål ut frå kva ein opplever fornuftig slik situasjonen er.
Det heile – liv og død – vert bestemt av kva folk finn tenleg og best her
og no. Då kan ein tala om «barmhjertighets drap», «aktiv dødshgjelp» og om
«legeassistert sjølvmord» – alle tre djupast sett meiningslause, kyniske og
destruktive uttrykk. Det gjev eit kaldt og upersonleg samfunn.

Ut frå kristen tenking stiller det seg heilt annleis, fordi mennesket er
skapt i Guds bilete med mål og meining. Det gjev mennesket livsrett og det
gjer livet meiningsfylt, og folk har eit menneskeverd som hindrar
manipulering med mennesket og gjev alle det same verdet, utansett sjukdom,
funksjonsnivå og ytre forhold. Dette får radikale konsekvensar når samfunnet
skal fastsetja lover som gjeld mennesket og menneskelivet, særleg med tanke
på livets start og livets avslutning – fosteret eller den nyfødde og sjuke,
gamle eller døyande menneske. Det kristne menneskesynet gjev mennesket eit
verd som fører til livsrett og livsvern frå unnfanging til naturleg død. Det
har altså store politiske og samfunnsmessige konsekvensar. Det skaper eit
varmt, omsorgsfullt og personleg samfunn.

2.1.3 Kroppsdyrking
Den tenkinga om mennesket som ligg i utviklingslæra fører folk inn i rein
materialisme og dyrking av seg sjølv. Sidan det djupast sett ikkje finst
noko anna enn materien, vert eins eigen kropp og alt materielt rundt ein,
det som betyr noko. Når så dette vert halde saman med ei utviklingstenking
som går i retning det stadig betre og der det beste har forrett, vert
resultatet kroppsfiksering og kroppsdyrking, og der dei flottaste kroppane
vert idealet og det som styrer utviklinga av kroppen og tenkinga om
mennesket i det heile. Ikkje berre mat og trening, men også manipulering av
kroppen med ulike typar operasjonar og medisinering vert naturlege
verkemiddel i kroppsdyrkinga og kroppsutviklinga.Ein materialistisk orientert identitet vert lett ein identitet ut frå eigen
kropp, og med det ei verdsetting av seg sjølv ut frå korleis kroppen er –
eller kan og bør vera. Det seier seg sjølv at dette fremjar egoismen, og det
at lett fører til frustrasjon og til negative tankar om seg sjølv – og om
andre. Fokuset og prioriteringa vert kroppsorientert. Det inneber ei
innsnevring og devaluering av mennesket. Mennesket som åndsvesen taper.Den kristne tenkinga om mennesket har eit heilt anna fokus på kroppen, ved
at menneskeverdet primært ligg i forholdet til Gud og i forholdet til sine
medmenneske. Då då vert ikkje fokuset på seg sjølv eller på det materielle,
men på Gud og hans vilje – og på nesten og det å tena sin medmenneske
gjennom forvalting av skaparverket. Då skal mennesket på ein sunn og
naturleg måte ta vare på kroppen, fordi denne er gjeven oss av Gud, men
identiteten eller verdsetjinga av livet ligg ikkje her.

Alt av materie er skapt av Gud, og med det verdfullt, men det er ikkje det
einaste som eksisterer og som har verdi. Det er heller ikkje av tilfeldig
karakter etter opphav og utvikling. Mennesket får større dimensjonar, der
den kroppslege og den åndelege sida ved mennesket går hand og i hand og gjev
identitet til den einskilde.

2.1.4 Sex og samliv
Når det ikkje er noko anna enn materie, har heller ikkje seksualiteten og
seksuallivet noko annan funksjon enn rein avl, og då utan noko ansvar for
resultatet, men der det sterkaste overlever. Mennesket er slik sett som dyr.
Seksualiteten vert som eit instinkt, og berre det – utan
kjærleiksdimensjonen, det ømme, vare og nære mellom mann og kvinne. Sex
vert som ei vare, noko ein konsumerer.Utviklinga synest likevel – og merkeleg nok – å ha gjeve ei lystoppleving
knytt til det seksuelle og til seksualakta, ei oppleving av eit gode. Dette
skaper ei voldsom merksemd rundt og ei dyrking av det seksuelle. Det fører
med seg ei sexfiksering i kroppsdyrking og menneskedyrking, i musikk og
underhalding, i litteratur og film – og i det ytterste i pornografi og
seksuell perversitet. Det seksuelle vert utan normer og ansvar, og når det
vert rein lyst og naturalistisk orientert, vert kjønnsrelasjonane oppløyste,
og vi får alle former sex med tanke på kjønn og samliv – heterofili,
homofili, bifili, polygami, trekantforhold og kva det måtte vera .Dette bryt radikalt med kristen tenking, der det seksuelle på ein
fundamental måte er sett inn i ramma av at Gud skapte mennesket som mann og
kvinne, og der dette høyrer til i det innerste i kjærleikslivet og i
intimiteten mellom desse. Den heterofile seksualiteten er del av menneskets
identitet. Då er menneskets to kjønn og forholdet mellom desse del av
menneskeverdet og dannar basis for det forvaltaroppdraget mennesket fekk på
jorda ved å verta mange og fylla henne, og ved å forvalta alle ressursar på
jorda til beste for mennesket – atså for sin neste.

Ved at det ikkje fanst nokon like for Adam før Gud skapte Eva, er forholdet
mellom mann og kvinne eineståande og grunnleggjande for livet og samfunnet.
Dette forholdet gjer at mann og kvinne i ekteskapet vert eitt kjød – og det
gjeld berre mann og kvinne og berre i ekteskapet.
Seksualiteten ber med det i seg både polaritet og tiltrekking mellom mann og
kvinne, og det seksuelle samlivet skal levast ut i ekteskapet.
Dette skal fremjast i kulturen og det skal vera bestemmande for lovgjeving
og økonomiske ordningar i samfunnet når det gjeld ekteskap og samliv.

Alt som bryt med dette – frå «samkjønna ekteskap» og kjønnsnøytral
eksteskapslov, via fri sex til pornografi, skal motarbeidast på alle plan.
Lovgjeving og kulturelle ytringar skal vera i samsvar med skaparordningane.
Det gjev det rette livet og den beste livskvaliteten for den einskilde,
familien og samfunnet.

2.2 Rasjonalismen og Guds vilje

 

Det vi her har teke opp går i stor grad på den sekulariseringa som skjer i
samfunnet ut frå evolusjonslæra, og den konsekvensen dette for
menneskeverdet og menneskelivet. Det heile vert materialistiske orientert og
verdsett. Vi sjå mykje av det same om vi ser på det ut frå den rasjonalismen
som ligg i darwinismen og naturvitskapen, og med det ut frå opplysningstida
og trua på fornuftaDet inneber at mennesket einsidig orienterer seg ut frå seg sjølv og si eiga
fornuft, og ikkje ut frå Gud og hans vilje slik denne er gjeven oss i
Bibelen. Vi skal difor no sjå litt på nokre av dei same livsområda frå denne
innfallsvinkelen, samstundes som vi også tek opp nokre andre trekk i tida.
Det dreier seg då i stor grad om ei etisk vurdering av menneskelivet og
samfunnet.Vi har tidlegare sagt at som grunn for kristen tenking ligg at Gud har
openberra seg sjølv og sin vilje i Bibelen. Når vi snakkar om openberring
dreier det seg om ein kunnskap som Gud suverent har meddelt oss, og som vi
ikkje ville vore i stand til å finna fram til på eiga hand. Denne tenkinga
frontkolliderer med utviklingslæra, både fordi denne opererer utan Gud, og
fordi alt etter denne har utvikla seg frå eit tilfeldig og ukjent opphav.
Det gjeld også menneskets tenkjeevne og kunnskap. Då er det ikkje rom for
eller trong for noko openberring. Det er heller ikkje rom for noko absolutt
og objektivt. Etikken vert då flytande og orientert ut frå og bestemnt av
det mennesket til ei kvar tid og i ein kvar situasjon finn fornuftig og
tenleg.

2.2.1 Etikk og lovgjeving
Vi har teke opp viktige spørsmål som abort, bioteknologi og
ekteskapslovgjeving. Vi har påvist at tenkinga på desse områda vert svært
ulik ut frå eit darwinistisk og materialistisk utgangspunkt samanlikna med
eit eit kristent utgangspunkt. Det viser at det ligg ulik etisk tenking i
dei ulike livssyna, og dette har konsekvensar på mange område.Det store spørsmålet er om noko er rett og galt, ikkje berre tenleg og
fornuftig – om det er noko utafor mennesket som er målestokken, eller ikkje.
Dersom det er noko som er rett og noko som er galt, kva avgjer det? Etter
darwinistisk og materialsitisk tenking har vi ikkje nokon instans utafor
mennesket som kan avgjera det, medan vi etter kristen tenking har Gud og
hans vilje openberra i Bibelen.Den sekulære tenkjemåten seier at vi i samfunnet berre skal orientera oss ut
frå fornufta og erfaringa, og med det set ein til sides kristen tenking og
Bibelen, som ei også set til sides all anna religiøs tenking og tru. På det
personlege og private planet kan det derimot vera opning for religiøs tru og
ein religiøs tenkjamåte, slik at folk på det planet kan innretta seg etter
si gudstru – anten denne er av kristen eller anna karakter. Det som høyrer
det indivuduelle til, har med det ikkje noko å gjera i det offentelge
rommet, i samfunnet. Kristen tenking orienterer seg annleis.

Som vi har sett, viser sjølve skapinga og openberringa av Guds vilje oss at
mennesket har livsrett og eit verd som skil mennesket frå dyra og alt og
alle i naturen elles. Det gjev etisk forpliktande rettleiing både på det
individulle og det samfunnsmessige planet, til dømes når det gjeld
abortspørsmålet og bioteknologien. Lovverket skal verna om mennesket – det
gjeld både sjølve livsretten og det at mennesket ikkje vert manipulert.
Mennesket skal ikkje drepast, men det skal få leva i samsvar med dei vilkåra
som ligg i kvar einskild sitt liv.

Tilsvarande gjeld for openberringa av Guds vilje for samlivet mellom
menneska, og særleg ekteskapet mellom mann og kvinne. Det er etisk gjeve i
Bibelen, og det er eintydig at Guds vilje og skaparordning er det livslange
og monogame ekteskapet mellom mann og kvinne – og berre det.

Kristen etikk er med det ikkje berre ei privatsak som gjeld på det
personlege planet og i heimen, eller berre for kristne. Kristen etikk er
allmenn og gjeld for alle menneske, og har politiske og samfunnsmessige
konsekvensar på mange området. Det gjeld særleg på dei meste fundamentale
områda som livsrett og menneskeverd, samliv og ekteskap – og for alle felt
som står i teneste for eller har betydning for desse områda.

2.2.2 Opprør mot Gud
Abortstatistikken, skilsmissestatistikken, homofile forhold, barn utan rett
til mor, pornografi og seksualisering av kropp, reklame og musikk viser at
vi står overfor store utfordringar i det sekulariserte samfunnet når de
gjeld samlivs- og ekteskapsetikk. Mykje av dette pregar store delar av
populærkulturen, samtidskulturen og ungdomskulturen – kanskje særleg når det
gjeld musikk, film og underhalding generelt.Det ligg også ofte eit opprør mot det som har vore rådane etisk tenking og
livsstil, og det ligg eit tilsvarande autoritetsopprør og ei
autoritetsforakt. I det siste ligg det djupast sett eit opprør mot og ei
forakt Gud og Guds skaparordningar. Dette stammar ikkje minst frå den
såkalla 68-generasjonen og den radikale sekulariseringa denne stod for.Sidan eit liv og ei lovgjeving i strid med kristen etikk samstundes er i
strid med dei gode livskreftene som ligg i skapinga, vil det over tid verka
destruktivt på samfunnet og på menneskelivet. Sidan mennesket et skapt med
fornuft, vil ein gjennom allmenn fornuftig argumentasjon langt på veg kunna
påvisa dette. Difor må frå kristent hald fornuftsmessig og bibelsk
argumentasjon gå hand i hand i den samfunnsmessige og politiske diskusjonen
i fundamentale etiske og verdimessige spørsmål. Problemet er at syndefallet
har gjort det umogleg fullt ut å erkjenna Guds vilje på det fornuftsmessige
planet åleine, men berginga er at Gud styrer gjennom samvitet og lovens
gjerning ut over det mennesket erkjenner – også i ei sekularisert tid, og at
han openberra seg og sin vilje i Bibelen.

2.3 Postmodernismen og sanninga
Vi har fleire gonger vore innom det vi kallar postmodernismen. Dette er den
tenkjemåten som pregar tida etter modernismen, der fornufta sat i høgsetet
og der mennesket hadde absolutt tiltru til fornufta i lys av darwinismen og
den nye naturvitskapen.Som vi har sett, rakna mykje av denne trua ut frå dei mange negative
erfaringane med krig og menneskefientlege ideologiar på 1900-talet, og vi
enda ved overgangen til eit nytt årtusen opp i postmodernismen. Her har
fornufta framleis den sentral posisjonen – og er i røynda einerådande, men
på ein ny måte.Ein har kome til at fornufta ikkje kan gje endelege, avgjerande og
forpliktane svar på alle sentrale spørsmål. Fornufta fører ikkje alltid til
det som er godt. Den einskilde må konkludera for sin eigen del kva som er
rett og godt, utan at det kan vera forpliktande for andre. Med det vert det
heile subjektivt og relativt.

Den store taparen i dette er sanninga, fordi det er ikkje noko som kan
seiast å vera sant og rett framfor noko anna på det prinsipielle, generelle
og universelle planet. Det heile vert opp til den einskilde, og då kan ein
også endra oppfatning av kva som er rett og sant ut frå ny kunnskap og ny
erfaring. Det er sagt at sanninga ligg i det å søkja sanninga, eller i det
som vert kalla «diskurs». Dette har omfattande konsekvensar både på det
personlege, etiske og samfunnsmessige planet.

Det vert i røynda umogleg å finna ut av seg sjølv, kven ein er og kva
meininga med livet er, når det ikkje er noko som er absolutt sant og som ein
med det kan ta tak i og orientera seg ut frå. Sjølve livsgrunnlaget vert
flytande og relativt. Mennesket mister identitet, og vi kjem inn i den
situasjonen som vi har omtalt ovafor med rotløyse og depresjon.

All etikk vert subjektiv og relativ ut frå den postmoderne oppfatninga av
sanninga. Etikken er utan fast innhald. Difor har ein i stor grad gått over
til å snakka om verdiar og verdispørsmål, men om ein endrar språkbruken er
ein i røynda like langt. Verdiinnhaldet vert like flytande som den etiske
tenkinga. Det heile vert utan fast innhald eller substans. Spørsmålet om
rett og galt går over i kva ein ønskjer og finn tenleg for seg. Det ser ein
i alt frå spørsmål om samlivsformer til måten ein tenkjer om pengebruk på.

Postmodernismen undergrev med det eit fast etisk fundament for samfunnet.
Det vert faktisk umogleg å diskutera dette i det heile, fordi sanninga flyt
med diskusjonen og endrar seg over tid ut frå den einskilde sin personlege
smak. Då vert det umogleg å finna noko som sameinar og forpliktar ein som
folk og nasjon. Samfunnet vert splitta eller fragmentert, og
einskildpersonar og grupper lever kvar for seg, utan å ha ein felles
forpliktande etikk som gjer at dei tek vare på kvarandre og på sine
etterkomarar. Dette undergrev den solidariteten som må liggja til grunn om
staten gjennom generasjonar skal fungera som velferdsstat.

Der sanninga taper, er det i røynda egoismen som vinn – fordi den einskilde
orienterer seg ut frå seg sjølv og det ein finn best for seg sjølv, og
kanskje for sine aller næraste. Den gamle tanken om at ein skulle gjera si
plikt, og så krevja sin rett, går over i reint krav.
Tilsvarande går den gamle haldninga om ikkje å liggja samfunnet til byrde
unødvendig, over i å utnytta velferdsordningane maksimalt. Også rettsvesenet
vert brukt i kravet si teneste, ved at vi er på veg inn i eit rettsleggjort
samfunn.

Over tid vil denne haldninga til sanninga vert umogleg. Det vil føra inn i
personleg, mellommenneskeleg og samfunnsmessig kaos. Mennesket treng kort og
godt ei fast og definert sanning for å leva eit sant liv.
Vi treng også sanninga for å kunna leva i respekt for og med tillit til
kvarandre. Samfunnet treng ei forpliktande sanning for å binda samfunnet
saman mellom grupper og generasjonar.

Som ein i matematikken treng den eviggyldige sanninga om at to pluss to er
fire for å kunna gjera utrekningar som ein kan lita på i alt frå bygging av
hus og bruer til romfart og måneferder, treng ein eviggyldige sanningar i
menneskelivet for at samfunnets byggverk skal verta ståande. Denne sanninga
finn vi i Gud, skapinga og openberringa av Guds vesen og vilje i Bibelen.

2.4 Samfunnet og religion

 

Det er nokså sjølvsagt at ateisme og agnostisisme fører til sekularisering
av samfunnet. Sjølv om desse livssyna har få tilhengarar, særleg
ateistane, har dei hatt etter måten stor innverknad i samfunnet vårt – og i
Vesten generelt. Det heng i her i landet saman med den posisjonen
HumanEtisk Samfunn har fått, og den tilknyttinga den vegen mange innan
kultur, underhalding og sentrale politikarar på venstresida har. Som vi har
sett, heng dette også saman med darwinismen og arven frå opplysningstida
gjennom vitskapen. Dette fører med seg eit menneskesentrert og
fornuftsorientert samfunn.I praksis fører materialismen også til sekularisering av samfunnet, fordi
folk vert opptekne med det materielle og dennesidige, særleg det som gjeld
pengar og som kan kjøpast for pengar. Noreg i vår tid er ekstremt
materialisitisk, og med det taper den åndelege dimensjonen og spørsmålet om
æva. Det skaper eit snevert og overflatisk liv og samfunn.
2.4.1 Materialsimen og sekulariseringa
Det materialistiske samfunnet er oppteke med å tena pengar – så raskt og
mykje som mogleg, og så bruka desse – like raskt og i same omfang som dei er
tente. Materialismen har ikkje berre det i seg at ein har mykje materiell
rikdom, men at ein stadig vil ha meir. Materialismen er aldri nøgd med det
ein har.
Det er ikkje nok å ha til livets opphald, men ein vil ha til
overforbruk og til stadig meir forbruk og luksus.Fokuset på å tena pengar og bruka desse har mange sider ved seg. Det skaper
stadig krav og høgare løn, men samstundes meir fritid. Det viser seg i
lønnsforhandlignar og streikar. Når pengane er tente, skaper det stadig
høgare krav til den personlege livsstandarden i kvardag med tanke på mat,
klede, hus, møblar, bilar og kva ein kan få rom til i det daglege livet.
Konsumet eller forbruket veks.Det skaper også stadig høgare krav til det som gjeld ferie og fritid.
Dette har den høgaste vekstraten i folks forbruk, medan ein prosentvis
brukar stadig mindre til dei grunnleggjande tinga som mat og klede. Det
inneber hytte, båt, campingvogn eller bubil eller kva ein kan bruka til å
nyta ferie og fritid i. Det skaper også stadig meir reising, med stadig
lengre turar både i tid og reisemål – inkludert alle forureinsinga dette
tids- og pengeforbruket dette fører med seg.

Materialismen fører også til stadig meir underhaldning, fordi ein har tid og
pengar til det – og fordi når arbeidet ikkje fyller tida, må noko anna gjera
det. Det viser att på tv, i radio, filmbransjen, fotball og dei mange
fritids- og underhaldningsparkar og -hus somn veks opp som paddehattar over
alt. Det viser også att i litteraturen, som er
krim- og underhaldningsorientert framfor å vera oppteken med eksistesielle
og verdimessige spørsmål.

Alt det vi her har nemnt i er i utgangspunktet positivt, fordi det høyrer
inn under det kultur- og forvaltaroppdraget mennesket fekk ved skapinga, og
fordi det er med og gjev gode materielle kår og livsinnhald. Problemet
oppstår når det tek overhand og vert styrande for livet. Det er det som
skjer i materialismen. Då har det materielle eller måten ein er oppteken med
det materielle på, vorte ei destruktiv åndsmakt. Det er tilfellet med dagens
norske samfunn, og det er i strid med kristen tenking.

Kristen tenking er positiv til det materielle, til glede og livsutfalding –
når dette vert sett inn i ein samanheng der ein også får eit positivt
forhold til åndsdimensjonen i tilvære og at mennesket er eit åndsvesen som
har fått æva lagt ned i hjarta. Bibelen åtvarar mot einsidig å verta
oppteken med det jordisk og materielle. Eit samfunn og ein kultur som ikkje
tek omsyn til det, er ikkje godt eller tilfredstillande for mennesket.

2.4.2 Kristentrua i samfunnet
Sjølv om det ikkje er staten, samfunnet, kulturen eller styresmakta si
oppgåve å ivareta ævedimensjonen hjå mennesket ved å arbeida på folks
frelse, må denne dimensjon få rom i samfunnet og i kulturen.
Frelsesspørsmålet og det kristne livet er individet, familien og den kristne
forsamlinga sitt ansvar, men det kan ikkje avsondrast frå det offentlege
rommet – særleg gjeld dette den verdimessige og etiske sida ved kristentrua.Den sekulariseringa som vil gjera samfunnet religionslaust, er i strid med
grunnleggjande verdiar i menneskelivet – ja, djupast sett i strid med
menneskets vesen. Det har difor også vist seg at det ikkje er mogleg å halda
religionen utafor samfunnet og det offentlege rommet over tid. Det samfunnet
og den styresmakta som prøver på det, endar opp med undertrykking og
forfylging. Det har fleire store tenkjar – også sekulært orienterte
tenkjarar – innsett dei siste åra, og dei har også innsett at religionane og
trua har noko å bidra med i samfunnet og samfunnsdebatten.Dette er aktuelt både med tanke på innvandring av folk med ikkkje-kristne
religionar og for kristendommen. Vi kan ikkje her gå inn på innvandrings- og
inkluderignsspørsmålet ut over å påpeika at vi kristent sett må makta
kombinasjonen av å visa nestekjærleik og ta godt imot framande, med at vi
tek oppgjer med negative trekk i dei ulike religionane og held fast på
sanninga i kristendommen.

Frå kristent hald er det viktig å halda oppe forståinga av religionens rolle
i samfunnet og få den kristne dimensjonen med i det offenetlege rommet. Det
gjeld ikkje minst med tanke på kristen kunnskap i dei oppveksande
generasjonane, og med det kristendommens plass i barnehage, samfunn og
media.

Image by Karolina Grabowska from Pixabay

© Damaris Norge AS

Print Friendly, PDF & Email