Det samtida skriv med lita skrift er vanskeleg å oppdage: «Du er ikkje gitt ein verdi, du må sjølv skape den – ved å prestere det perfekte», skriv Margunn Serigstad Dahle i denne artikkelen frå 13. januar 2016.
FAKTA om Sykt perfekt
- TV-serie produsert av Nordisk Film for TV 2
- Handler om syv jenter mellom15 og 23 år.
- Skal rette oppmerksomhet på det sosiale presset unge jenter i «Generasjon prestasjon» opplever.
- Serien tar opp temaer som kropp- og utseendepress, sosial angst, karakterpress, prestering i idrett, mobbing og tilpasning til kulturelle idealer.
SYKT PERFEKT speglar presset
Dokumentarserien i seks deler som startar 13. januar, lar oss kome tett på «Generasjon Perfekt» – eller «Generasjon Prestasjon», om du vil. Sju jenter mellom 15 og 23 år gir eit usminka møte med presset dei føler om å prestere det perfekte på alle område.
Blir dårlege av å vere så gode
Jentene gir ansikt til rapportar og statistikkar om ein ungdomsgenerasjon som er blitt så gode at dei er blitt dårlege av det. Framleis synes «flink pike»-syndromet å gi størst utslag i denne negative utviklinga, men unge gutar scorar også stendig høgare.
Vi bør difor ha begge kjønn i tankane når jentene i Sykt perfekt gir oss ærleg innblikk i presset dei lever med i forhold til kropp og utsjånad, karakterar, idrettsprestasjonar og tilpassing til ulike ideal, så vel som erfaringa deira med mobbing og sosial angst.
Dei er talskvinner for ein heil ungdomsgenerasjon, og bodskapen bør ikkje overraske. Den er jo godt kjent frå ulike forteljingar i media, både dokumentar og fiksjon, så vel som frå forskinga og vårt eige kvardagsliv.
Vi veit at i jakta på å bli sjukt perfekt, blir mange i «den ambisiøse meg»-generasjonen sjuke – på kropp og psyke. Stresset og prestasjonskravet set spor.
Lar vi oss utfordre – også til å utforske kva dette er symptom på?
Biverknader av samfunnsutviklinga
«Er det mennesket eller samfunnet som er sjukt?», spør statsvitar Tone Sofie Aglen, og etterlyser ein debatt som tek oss nærare svaret på kva som plagar dei unge. Ein slik debatt, der ein spør både «kva» og «kvifor», trengs sårt.
Mange faktorar ligg i biverknader frå samfunnet vi har skapt. Velstandsutviklinga har ikkje utan grunn gitt merkelappen «dessertgenerasjonen» til dagens unge. Alle valmulegheiter synes å vere opne for dei, og alle har krav på å vere lukkelege.
Men lukka er ironisk nok avhengig av å lukkast med eigne prosjekt og prestasjonar, der berre det beste er godt nok.
Ikkje minst i møte med sosiale medium og dei mange medieforteljingane vert spørsmåla påtrengande:
- Er eg fin nok?
- Flink nok?
- Effektiv nok?
- Rik nok?
- Framgangsrik nok?
- Lukkeleg nok?
Og spørsmåla fylgjer lågmælt med dei inn i klasserom, idrettshall, konsertsal, ungdomsklubb og kyrkje. Høyrer vi dei – og tek vi samtalen? Eller er vi sjølve så prega av samtida si vekt på effektivitet og synlege prestasjonar at vi korkje høyrer dei unge stemmane eller vågar å opne opp for samtalen?
Enkeltindividet i sentrum
Jentene i tv-serien høyrer til Millenium-generasjonen, ofte kalla «Meg-generasjonen». Den yngste vart fødd ved tusenårskiftet, ved overgangen til det som The New York Times Magazine kallar nettopp «The Me Millenium» då dei på tampen av 1999 gjer opp status:
«We put the self at the center of the universe. Now, for better or worse, we are on our own.»
Utvilsamt ein dekkande omtale av samtidsånda, som forklarer mykje av presset jentene i Sykt perfekt set ord på – og som Ungdata og andre undersøkingar synleggjer.
For når individualismen dannar sentrum, er vi djupast sett overletne til oss sjølve – også når det påtrengande spørsmålet om eigen verdi kjem opp.
Når Gud-relasjonen er borte, står ein sjølv ansvarleg for identitet og verdi. Teksten i lita skrift under samtida sine mange bodskapar om å skape den beste utgåva av seg sjølv, er vanskeleg å få auge på, men lett å erfare: Du er ikkje gitt ein verdi, du må sjølv skape den – ved å prestere det perfekte.
Reflekterte jenter
Jentene i serien snakkar reflektert både om påverknaden frå samtida og om spriket dei kjenner mellom eigne tankar og følelsar. Kun første episode har vore tilgjengeleg for abonnentar på TV2 Skole, men episoden syner at serien treff samtida – og gir mange mulegheiter for samtale. Spørsmålet om sjølvkjensle og identitet vert ikkje adressert direkte, men dirrar under overflata heile tida.
«Eg må nok lære å bli meir glad i meg sjølv», seier Raija, som bestilte den første leppeinjeksjonen til 18-årsdagen.
«Alt var perfekt. Eg var super-lukkeleg», seier Camilla om livet rett før ho møtte veggen.
«Når eg låser opp døra heime, låser eg opp meg sjølv. Når smilet og sminken er borte, kan tårene kome», seier flinke Martine, som alle opplever trygg og glad.
Gjenkjenneleg – og utfordrande. Vi tek vel samtalen?
Av Margunn S. Dahle, først publisert på Tro24.no 13.01.16
© Damaris Norge AS