Del 3 Kapittel 8 Bibelteksta
Kapittel 8.1
Teksthistorie
For læreren.
Til faglig utfylling og fordypning.
Av: Hans Johan Sagrusten
Teksta til GT
Dei eldste manuskripta
Før funnet av Dødehavsrullane (sjå neste side) var dei eldste manuskripta av GT frå kring år 1000 e.Kr. To av dei viktigaste manuskripta er:
Leningrad-manuskriptet er skrive år 1008 e.Kr. og har vore i det russiske nasjonalbiblioteket i St. Petersburg sidan 1863. Ein har eit så nøyaktig årstal fordi avskrivaren har notert kven som skreiv av, kva tid han gjorde det og kva for eit manuskript han kopierte. Leningrad-manuskriptet er grunnlaget for den moderne hebraiske teksta til GT.
Aleppo-manuskriptet er skrive omtrent år 920 e.Kr. Frå 1300-talet låg det i Aleppo i Syria. I 1947 vart synagogen der det låg, øydelagd i eit opprør, og den første tredelen av manuskriptet har sidan vore borte. I 1958 vart resten av det smugla inn i Israel og finst no ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem.
Dødehavsrullane
Seint på hausten i 1946 fann gjetarar nokre gamle skriftrullar i Qumran ved nordenden av Dødehavet. Dette er det viktigaste funnet av bibelske skrift som er gjort nokon gong.
Gjetarane kasta stein ned i ei mørk hòle og høyrde noko bli knust. Tretti år gamle Muhammed ed-Dib firte seg ned i hòla og fann fleire store leirkrukker. Inne i krukkene var det gamle, handskrivne skriftrullar. Desse tekstene kallar ein vanlegvis Dødehavsrullane sidan dei vart funne ved Dødehavet.
Snart fann forskarar fleire skriftrullar. I mange ulike hòler vart det over ein periode på ti år funne meir enn 900 bokrullar. Berre ti–femten av desse rullane var heile. Resten var meir eller mindre skadde.
Dette var truleg biblioteket til ei jødisk gruppe som ein kallar essenarane. Dei hadde halde til her ute i øydemarka. Det jødiske opprøret i år 66 e.Kr. hadde fått romarane til å gå til krig mot jødane, og då essenarane skjøna at dei òg kom til å bli tekne, gøymde dei det viktigaste dei hadde: Bokrullane vart gøymde i hòler, og samfunnet i Qumran vart utsletta i krigen.
Mellom bokrullane frå Qumran fann ein mange bøker som var skrivne spesielt til bruk i essenar-samfunnet. Men det fanst òg rullar med bibeltekst. Cirka 200 av rullane inneheldt bibeltekst frå GT. Førti prosent av desse GT-rullane hadde ei tekst som er svært lik den GT-teksta vi kjenner i dag. Dei andre rullane hadde ei friare tekst som var farga av dei tolkingane essenarane sjølve hadde av GT.
I Qumran vart det funne tekst frå alle bøkene i GT (utanom Esters bok, men historia om Ester er kjend, for ho blir nemnd). Favorittbøkene til essenarane ser ut til å ha vore Mosebøkene, Salmane og profeten Jesaja. Flest rullar var det av Salmane; heile 39 eksemplar har ein funne. Dei fleste bibelrullane er det berre delar eller småbitar att av. Den best bevarte rullen er av profeten Jesaja. Ein annen Jesaja-rull har ei tekst som ligg svært nær den Jesaja-teksta vi finn tusen år seinare.
Funnet av rullane vakte stor oppsikt. No sat forskarane med 2000 år gamle handskrift mellom hendene, handskrift som var over tusen år eldre enn dei ein til no hadde kunna granska. Dei stemte i svært stor grad over eins med dei handskrifta som var tusen år nyare. Bibelrullane frå Qumran har lært oss fleire ting:
– Den hebraiske teksta til GT var i det store og heile den same i år 100 f.Kr. som tusen år seinare.
– Septuaginta, den greske omsetjinga av GT frå cirka år 200 f.Kr., vart omsett frå ei hebraisk tekst som må ha likna på den i Qumran.
– Forskarane fekk ny innsikt på stader der den hebraiske teksta hadde vore vanskeleg å skjøna.
Står det noko om Jesus i Qumran-tekstene? Somme bøker har kome med påstandar om at Den romersk-katolske kyrkja ønskte å halda Dødehavsrullane løynde fordi det står avslørande ting om Jesus der. Det har vore hevda at skriftene til dette samfunnet i kode fortel at Jesus gifte seg, at han vart krossfest i Qumran og at han overlevde krossfestinga.
Slike påstandar er fri fantasi. Dateringa av skriftrullane i Qumran syner at dei er skrivne i tidsrommet like før Jesus vart fødd. Prøver av handskrifta og av pergamentet syner at bibelrullane i Qumran var skrivne kring år 100 f.Kr., og nokre så tidleg som rundt 250 f.Kr. Dei kan difor umogleg omtala Jesu liv, død og oppstode.
Det er ingen grunn til å tru at Den romersk-katolske kyrkja har freista å halda rullane løynde. Mange katolske forskarar har tvert om vore aktive i arbeidet med å tyda og offentleggjera dei.
Grunnane til at det har teke lang tid å publisera tekstene, er mellom anna at det er vanskeleg å tyda dei. Mange av skriftrullane er løyste opp i småbitar og liknar mest på knust flatbrød. Det er difor litt av eit puslespel å leggja bitane saman og tyda skrifta. Lenge var det altfor få forskarar med i det store arbeidet. Men på 1990-talet vart mange fleire forskarar med, og i dag er alle tekstene som kan tydast, offentleggjorde.
Teksta til NT
Dersom ein ikkje passa på å laga stadig nye avskrifter av dei heilage tekstene, ville dei bli umoglege å lesa når bøkene var utslitne. Difor vart dei overleverte gjennom å ta avskrift etter avskrift etter avskrift. Alle nye manuskript vart skrivne av for hand.
Det er viktig å vita korleis Bibelen vart overlevert. Det gjev svar på spørsmål som: Kor nøyaktige var dei som skreiv av? Kor mange år gikk det frå boka vart skriven, til den eldste avskrifta vi har? Og kva kan ha hendt i dei åra vi ikkje har manuskript frå?
Dei bibelske forfattarane legg sjølve stor vekt på at det dei skriv, er historisk påliteleg. I Første korintarbrev skriv Paulus at den kristne bodskapen er fullt ut avhengig av historiske fakta: «Men har ikkje Kristus stått opp, då har de ei unyttig tru, og då er de enno i syndene dykkar.» (1 Kor 15,17)
Den overleverte teksta
Av dei nærare seks tusen manuskripta til NT er ikring 90 prosent svært like. Desse manuskripta inneheld det ein kallar fleirtalsteksta. Ho blir òg kalla for den overleverte teksta (latin: Textus receptus). Dette er den bibelteksta som vart overlevert gjennom avskrifter heilt fram til slutten av mellomalderen.
Hos profeten Jeremia står det: «Eg vil vaka over ordet mitt, så eg set det i verk.» (Jer 1,12) Gud har vakt over ordet sitt og teke vare på det gjennom historia. Bibelteksta har vore overlevert utruleg nøyaktig gjennom dei tallause avskriftene.
Men mellom dei tidlegaste manuskripta frå 100- og 200-talet er det nokre fleire variasjonar i skrivemåten av ord og setningar enn i flertalsteksta. Variasjonane mellom manuskripta er oftast små og har lite å seia. Men nokre stader vil eit eller fleire bibelvers mangle i dei tidlegaste manuskripta. Dei viktigaste stadene er Matt 6,13, Mark 16,9-20, deler av Luk 11,2-4, Joh 7,53-8,11 og Apg 8,37.
Viktige manuskriptfunn
Skatten i vedkorga
I 1844 reiste bibelforskaren Constantin von Tischendorf til det gamle Katarinaklosteret ved foten til Sinaifjellet. Han vona å finna antikke manuskript i det gamle klosteret frå 500-talet. Han fekk sjå gjennom biblioteket, men fann ingen manuskript som var særskilt gamle.
Men i ei korg med rask som skulle nyttast til opptenning, fann Tischendorf 129 gamle pergamentark. Munkane fortalde at dei alt hadde brent opp to fulle korger med slike ark. Tischendorf bad dei pent om å slutta å fyra med arka, og han fekk lov til å ta med seg nokre av dei. I 1854 kom han attende for å finna dei andre pergamentarka, men dei var borte. I 1859 drog han tredje gongen til Sinai. Etter å ha leita gjennom heile biblioteket måtte Tischendorf gje opp. Men då han skulle reisa, møtte han ein mann som arbeidde i klosteret. Mannen synte Tischendorf ein bunke med pergamentark som var pakka inn i eit raudt klede.
I pakka var det i alt 346 ark frå både GT og NT. Nesten halve GT var øydelagt, men NT var heilt. Dette manuskriptet blir kalla for Codex Sinaiticus. Dateringa syner at Codex Sinaiticus vart skrive midt på 300-talet. Det er vakkert gjort og skrive på dyrt pergament. Det er det eldste heilt komplette manuskriptet som finst til NT.
Løyndomen i Vatikanbiblioteket
I 1889 fekk verda sjå det første fotografiet av eit pergamentmanuskript som hadde lege i Vatikanbiblioteket i Roma i mange hundre år. Kor lenge det har lege der, er det ingen som veit. Det fekk namnet Codex Vaticanus. Første gongen det er nemnt i ei oversikt over bøkene i biblioteket, er i 1475. Det er eit dyrt og påkosta manuskript som liknar mykje på Codex Sinaiticus.
Codex Vaticanus er endå litt eldre enn Codex Sinaiticus og kan daterast til første halvdelen av 300-talet e.Kr. Det blir rekna som eit av dei mest pålitelege manuskripta til NT. Codex Vaticanus er dessverre ikkje heilt komplett; nokre ark frå Hebr 9,14 og utover er borte.
Det finst mange fleire slike store pergamentmanuskript frå 300-talet og utover. Men ingen av dei, verken Codex Sinaiticus, Codex Vaticanus eller andre, kan syna oss korleis bibelteksta såg ut før år 325. Då lyt vi gå til dei eldste papyrusfunna.
Oxyrhynchus
I år 641 e.Kr. tok arabarane den egyptiske byen Oxyrhynchus på vestsida av Nilen i Egypt. Kanalane som forsynte byen med vatn, vart øydelagde, og snart låg byen aud og tom. Ein levande by vart still for alltid.
Dette kunne vore slutten på historia om Oxyrhynchus. Men i 1896 byrja eit nytt kapittel i historia til byen. Dette året starta dei to unge engelskmennene Bernard Grenfell og Arthur Hunt å gjera utgravingar i den eldgamle byen. Det var eit strevsamt arbeid. «Lukke til med å grava di eiga grav,» skreiv bror til Grenfell i eit brev. Grenfell dreiv med utgravingane til 1920, då han fekk det tredje nervesamanbrotet sitt. Hunt heldt fram til han døydde i 1934.
Dei fann store haugar med søppel utanfor byen, opp til ti meter djupe, som var kasta gjennom ein periode på 600 år. Etter at byen vart forlaten, vart søppelhaugane langsamt dekte til med sand, og dei vart liggjande som ei forsegla historiebok i over tusen år.
Det var ikkje vanskeleg for dei to arkeologane å gjera spennande funn. «Berre du vende jorda med støvelen, kom noko nytt til synes,» skal Grenfell ha sagt. Over hundre arbeidarar gjekk laus på haugane, og funna vart sende attende til Oxford i England.
I haugane fann arkeologane alle slags dokument som gav eit tverrsnitt av livet i byen. Dei fann alt frå arrestordrar og offentlege dokument til private brev og antikke greske diktverk. Med smått og stort er det funne meir enn 100 000 papyrusfragment i Oxyrhynchus. Av dei har ein i dag tolka, omsett og publisert dei 8000 største.
Det var mange kristne i byen, og nokre av papyrusfragmenta var frå NT. Desse vekte stor oppsikt mellom bibelforskarar. Heile 54 av dei 127 papyrusmanuskripta som er funne til NT, kjem frå søppelhaugane i Oxyrhynchus. Dei fleste av dei blir daterte til tida kring 250–300 e.Kr., men eit par av dei er mykje eldre. Det aller eldste fekk namnet Papyrus 90.
Den eldste evangelieboka
I 1931 fekk amerikanaren Chester Beatty kjøpt tolv gamle manuskript som var funne i Egypt. Eitt av dei synte seg å vera det eldste manuskriptet som inneheld alle dei fire evangelia i éi bok. Manuskriptet blir kalla Papyrus 45 og kan daterast til midten av 200-talet e.Kr. Sidenummereringa syner at manuskriptet var på i alt 224 sider då det var heilt. Av det store manuskriptet var berre tretti skadde ark att, men dei inneheldt delar av alle dei fire evangelia og Apostelgjerningane. P45 var ein sensasjon: For første gong fekk forskarane sjå ei bok frå 200-talet der alle dei fire evangelia stod samla.
Den eldste brevsamlinga
Mellom Chester Beatty-manuskripta var det òg ei samling med Paulus-breva. Papyrus 46 blir datert til kring år 200 e.Kr. og inneheld 86 ark med tekst frå Romarbrevet, Første og Andre korintarbrev, Galatarbrevet, Filipparbrevet, Kolossarbrevet, Første og Andre Tessalonikarbrev og Hebrearbrevet. Dei siste sidene av manuskriptet manglar; det sluttar midt i Hebrearbrevet. Dessutan manglar breva til Timoteus og Titus, og ein veit ikkje om dei var med i boka frå først av.
Det eldste heile evangeliet
I 1951 fann sveitsaren Martin Bodmer 22 papyrusmanuskript i Egypt. Mellom dei var eit manuskript av eit slag som ingen trudde det var mogleg å finna: Eit helt evangelium frå år 200 e.Kr. Det var eit Johannesevangelium som var i utruleg god stand etter nesten to tusen år utandørs. Det blir kalla Papyrus 66. Denne gongen var ikkje arka skadde og ufullstendige, men omtrent heilt uskadde. Ein kunne til og med sjå restar av innbindinga som hadde halde arka saman. P66 er komplett fram til kapittel 14, og kapittel 15–21 finst att i mindre bitar. P66 blir datert til år 200 e.Kr. eller litt tidlegare.
Evangelieboka som overraska forskarane
I Bodmer-funnet var det eit anna manuskript som viste seg å vera svært viktig: Papyrus 75 inneheld 27 ark med tekst frå Lukas- og Johannesevangeliet og blir datert til ca. år 200 e.Kr. Manuskriptet er viktig, fordi det viser at NT-teksta på 200-talet er svært lik den teksta vi finn etter år 300 e.Kr.
På 1800-talet meinte mange forskarar at NT-teksta hadde vore gjennom ein revisjon rundt år 300 e.Kr. Ein meinte at språket var gjort meir elegant, at forskjellar mellom evangelia var glatta ut og at nokre nokre vanskelege uttrykk vart forenkla på denne tida. Årsaka til revisjonen var den nye statusen kristendomen fekk som ein lovleg religion i Romarriket, etter at keisar Konstantin kom til makta i 312 e.Kr.
Men med funnet av Papyrus 75 måtte teorien om ein revisjon leggjast bort. For teksta i Papyrus 75 liknar svært mykje på den som står i Codex Vaticanus (ca. 350 e.Kr.). Dei to manuskripta er så like, i små detaljar som handlar om skrivemåten av ord og setningar, at det eine kunne vera ei avskrift frå det andre. Når desse to manuskripta er så like, sjølv om det eine er skrive rundt år 200 e.Kr. og det andre rundt år 350 e.Kr., kan forskarane i dag slå fast: Det var ingen som forandra NT-teksta rundt år 300 e.Kr.
Den eldste biten
Den vesle papyrusbiten som heiter Papyrus 52, er sjølve perla mellom manuskripta. Papyrus 52 er berre 9 x 6 centimeter stort og vart funne i Egypt, i same området som Oxyrhynchus. Bernard Grenfell som stod i leiinga for utgravingane i Oxyrhynchus, fekk tak i den vesle biten så tidleg som i 1920, men først i 1935 publiserte forskaren Colin H. Roberts det sensasjonelle funnet i ein artikkel.
P52 er ein liten bit av eit evangelium som vart handskrive kort tid etter at Johannesevangeliet var ferdig. På for- og baksida står delar av Joh 18,31–33 og 37–38. Ved hjelp av skriftanalyse daterte Roberts manuskriptet til keisar Trajans tid (98–117 e.Kr). I dag er det vanleg å datera P52 til kring år 125 e.Kr., eller den første halvdelen av 100-talet. P52 fortel oss at Johannesevangeliet vart spreidd over eit så vidt område at eit eksemplar fanst i Egypt cirka år 125 e.Kr. Dette stadfester det bibelforskarar alltid har meint: At Johannesevangeliet må vera skrive så tidleg som kring år 90 e.Kr.
Eit anna fragment
Mellom papyrusfunna i Oxyrhynchus fann arkeologane eit anna fragment av Johannesevangeliet som kan vera mest like gamalt som P52: Papyrus 90 er eit nokså fillete lite fragment på cirka 15 x 5 centimeter. Det er ganske sikkert òg frå 100-talet e.Kr. Teksta på framsida er frå Joh 18,36 – 19,1, og på baksida står 19,2–7.
Det er eit underleg samantreff at begge dei to eldste fragmenta av NT som er funne, P52 og P90, er frå Johannesevangeliet og har den same teksta: Jesu ord til Pontius Pilatus: «Til det er eg fødd, og til det er eg komen til verda, at eg skal vitna for sanninga. Kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst.» (Joh 18,37)
Dei orda som Jesus møtte skeptikaren Pilatus med, han som spurde «Kva er sanning?», dei lyder no på nytt til tvilarar på 2000-talet frå to eldgamle, fillete papyruslappar. Kva er sanning? Jau, kvar den som er av sanninga, kan enno i dag høyra Jesu røyst frå P52 og P90.