Del 1, Kapittel 2

Bøkene i Bibelen

For læreren.

Til faglig utfylling og fordypning.

Av: Hans Johan Sagrusten

 

Om Det gamle testamentet

«Herren sa til Moses: Skriv opp dette i ei bok, så de kjem det i hug …» (2 Mos 17,14) Slik byrjar historia om GT. Jødane ville koma i hug dei store gjerningane Gud hadde gjort for å berga dei, og difor tok dei til å skriva. Det gamle testamentet er i dag ei heilag skriftsamling for både jødedomen og kristendomen.

Dei 39 bøkene i GT fyller meir enn tusen sider med lita skrift i ein norsk bibel. Korleis skal ein få oversikt over så mange bøker? Løysinga er å systematisera og dela dei i grupper. I jødisk tradisjon blir bøkene delte inn i tre grupper: Lova, profetane og skriftene. I den kristne kyrkja er det vanleg å dela inn GT på ein litt annan måte, i historiske bøker, poetiske bøker og profetbøker.

Historiske bøker (frå Første Mosebok til Ester)

Dei fem Mosebøkene heiter Torah på hebraisk. Lova er berre delvis dekkjande som omsetjing. Ordet rettleiing er minst like godt, for Mosebøkene inneheld mykje meir enn berre lover. Her står heile den tidlege historia til Israel, frå Abraham til Moses, og her er sterke historier om menneske som stolte på Gud.

Namnet Mosebøkene har dei fått fordi ein rekna med at det var Moses som hadde skrive dei. Og Bibelen fortel verkeleg at Moses skreiv ned det Gud sa: «Så skreiv Moses opp alt Herren hadde sagt.» (2 Mos 24,4) Samtidig er det klårt at store delar av Mosebøkene må vera skrivne etter Moses, til dømes 5 Mos 34 der det står om kva som hende etter at Moses var død. Likevel er det Moses som gjev bøkene autoritet, for det var han som møtte Herren på Sinai-fjellet og fekk påbod om å skriva ned Lova.

I dei store historieverka Samuelsbøkene, Kongebøkene og Krønikebøkene les vi om kongane Saul, David, Salomo og mange andre. Ingen av dei blir framstilte som feilfrie føredøme. Historiebøkene i Bibelen er i det heile svært ærlege. Det står om konge etter konge at dei «gjorde det som var vondt i Herrens augo» (sjå 1 Kong 16,25 og 30). Den same ærlege haldninga finn vi når NT fortel om dei ulike tabbane Peter og dei andre apostlane gjorde.

Poetiske bøker (frå Job til Høgsongen)

Mellom dei poetiske bøkene er Salmane den lengste. Salmane er faktisk den lengste boka i heile Bibelen. Ho er dobbelt så lang som Lukasevangeliet, som er den lengste boka i NT.

Salmane blir ofte kalla Davids salmar. Kong David (cirka år 1000 f.Kr.) var kjend for å syngja og spela (1 Sam 16,23; 2 Sam 1,17), og han kunne både skriva og komponera. Mange av salmane skildrar viktige hendingar i livet til David (til dømes Salme 18, 51 og 56–60).

Salmane er songar og bøner som vart brukte i templet i Jerusalem. Det er fleire typar av salmar: Dei viktigaste er lovsongar (Salme 8, 97, 103), klagesalmar (Salme 13, 22, 51), takkesalmar (Salme 18, 30, 92) og tillitssalmar (Salme 23, 62, 125).

Også gjennom kyrkjehistoria har Salmane vore den store bøneboka til Guds folk. Der finn ein kristen ord som er så passande på hans eigen situasjon at han ikkje kunne uttrykt det betre sjølv, har Martin Luther skrive. Det er slike ord Gud vil vi skal bruka når vi bed. Den typen salmar det er flest av, er faktisk klagesalmar. Til og med slike bøner vil Gud gjerne høyra.

Profetbøker (frå Jesaja til Malaki)

Dei tidlege profetane i Israel fekk ikkje eigne bøker. Profetane Samuel, Elia, Elisja og fleire andre les vi om i Samuelsbøkene og Kongebøkene. I jødisk tradisjon blir desse historieverka difor rekna med til skriftgruppa profetane. I den kristne kyrkja blir dei rekna med til dei historiske bøkene.

Fra 700- til 400-talet f.Kr. stod ei rad profetar fram i Israel. Dei var først og fremst forkynnarar som la fram bodskapen sin munnleg. Men dei fekk dessutan bod frå Gud om å skriva ned orda sine (Jes 30,8; Jer 30,2). Òg disiplane deira skreiv ned det dei forkynte, i bøker. Dei bøkene fekk namn etter profeten som hadde tala desse orda.

Profetbøkene blir ofte delte i to grupper: Dei fire store profetane er Jesaja, Jeremia, Esekiel og Daniel. Dei små profetane blir ofte kalla tolvprofetboka fordi det er tolv av dei. Dette er dei tolv siste bøkene i GT, frå Hosea og utover.

Orda «Så seier Herren» var typiske for profetane. Dei tala ord frå Gud inn i samtida og refsa både folket, prestane og kongen når dei braut Guds vilje. Dei sa samtidig kva som kom til å skje om folket ikkje vende om. Men det viktigaste med profetane er at bøkene deira er fulle av profetiar som passer på Jesus.

Om Det nye testamentet

«Dei gjekk ut og forkynte alle stader» (Mark 16,20) – slik tok apostlane til å fortelja om Jesus etter at han fór opp til himmelen. NT byrja altså med ei munnleg forteljing om Jesus, ei forteljing som vart boren fram av dei som var augnevitne og hadde sett det som hende. Den autoriteten dei hadde som Jesu utsendingar (gresk: apostolos=utsending), omfatta òg den bodskapen dei forkynte. Ein tok til å tala om ei apostolisk lære.

Noko av det apostlane forkynte, vart nok skrive ned òg i deira eiga levetid. Men då fleire av apostlane var døde, vart det heilt naudsynt å gje bodskapen ei samla, skriftleg form.

Når vart bøkene i NT skrivne?

Det er lett å tru at evangelia er dei eldste bøkene i NT, sidan dei står først. Men dei eldste bøkene er nokre av dei breva som Paulus skreiv. Første og Andre Tessalonikarbrev vart skrivne i åra 49–51 e.Kr. Dei fire store hovudbreva, Romarbrevet, Første og Andre Korintarbrev og Galatarbrevet, vart skrivne i åra 55–57. Dei fire fangenskapsbreva, Efesarbrevet, Filipparbrevet, Kolossarbrevet og brevet til Filemon, vart skrivne då Paulus sat i fengsel, anten i Cæsarea i år 57–59, eller i Roma i år 60–62.

Mange meiner at dei tre pastoralbreva til Timoteus og Titus er skrivne etter at Paulus var død og er såkalla pseudepigrafiar (bøker som blir tillagde ein annan forfattar), men det er gode grunnar for å rekna dei som ekte. Andre Timoteusbrev, som er det siste brevet Paulus skreiv, kan ha vorte skrive under eit tredje fengselsopphald rett før han vart drepen i år 65.

Dei andre breva i NT, frå Jakob, Peter, Johannes og Judas, blir kalla for dei katolske breva (katolsk tyder allmenn) fordi dei ikkje er adresserte til ei bestemt kyrkje. Nokre av dei kan vera like gamle som Paulusbreva, medan andre har vorte til seinare.

Når det gjeld evangelia, er dei fleste samde om at Markusevangeliet er skrive først, og at dei tre første evangelia er skrivne mellom år 60 og 80. Johannesevangeliet er truleg skrive rundt år 90. Apostelgjerningane er skrivne rett etter Lukasevangeliet.

Evangeliet etter Matteus

Matteus kan vi kalla den skriftlærde, for han skriv med tanke på jødar som har vorte kristne. Difor siterer han mykje frå GT og syner at Jesus oppfyller profetiane. Typisk for evangeliet er dei fem lange talene frå Jesu munn (kap. 5–7, 10, 13, 18 og 23–25). Kjende tekster:

–          Bergpreika: 5–7

–          Sæleprisingane: 5,3–12

–          Fadervår: 6,9–13

–          Den gylne regelen: 7,12

–          Misjonsbodet: 28,16–20

Så tidleg som kring år 90 siterer det kristne skriftet Didaché frå Matteusevangeliet som heilagt skrift: «De skal be slik Herren har gjeve påbod om i evangeliet sitt: Fader vår, du som er i himmelen …»

Evangeliet etter Markus

Markus kan vi kalla forteljaren på grunn av den levande og munnlege måten å fortelja på. I Markusevangeliet er det så å seia ingen taler, berre handling. Dette er det stuttaste evangeliet, og truleg det som vart skrive først (cirka år 60 e.Kr.). Kjenneteikn:

–          Nesten ingen taler

–          Nesten berre handling

–          Det mest munnlege evangeliet

Kring år 130 e.Kr. skriv Papias, ein biskop i Vesleasia, at «Markus, som var tolken til Peter, skreiv nøyaktig ned, men ikkje i rekkefølgje, det han kom i hug.» Dette kan forklara den munnlege stilen: Markus har skrive ned det han høyrde Peter fortalde!

Evangeliet etter Lukas

Lukas kan vi kalla historikaren fordi han ofte vil stad- og tidfesta det han fortel, som i innleiinga til juleevangeliet (Luk 2,1). Lukas skriv med tanke på heidningar, det vil seia alle som ikkje er jødar, som har vorte kristne. Dette er det lengste evangeliet. Kjende tekster:

–          Juleevangeliet: 2,1–14

–          Jesus som tolvåring i templet: 2,41–51

–          Likninga om den miskunnsame samaritanen: 10,25–37

–          Likninga om den bortkomne sonen: 15,11–32

Etter det Paulus seier, var Lukas lege (Kol 4,14). Han er særleg glad i å fortelja om sjuke og spedalske, utstøytte, veike og fattige menneske som Jesus hjelpte. Også kvinner og born finn vi ofte i tekstene hans.

Evangeliet etter Johannes

Johannes blir gjerne symbolisert med ei ørn. Ei ørn ser alt frå stor høgd, og det vide overblikket er typisk for Johannes. Han fortel slikt som dei andre ikkje har teke med, og utfyller historia om Jesus. Kjende tekster:

–          Prologen: «I opphavet var Ordet»: 1,1–14

–          Den vesle bibelen: 3,16

–          «Eg er den gode gjetaren»: 10,11

–          «Eg er vegen, sanninga og livet»: 14,6

Johannesevangeliet må ha vore det evangeliet dei første kristne elska aller høgast. Mellom dei tidlegaste funna av papyrus med NT-tekst er det ei klår overvekt av tekst frå Johannesevangeliet. Av 67 papyrusfunn frå før år 325 e.Kr. er det 17 som inneheld Johannes-tekst.

 

© Damaris Norge AS

Print Friendly, PDF & Email