Del 3 Kapittel 8 Bibelteksta

Kapittel 8.2 Kanonhistorie

For læreren.

Til faglig utfylling og fordypning.

Av: Hans Johan Sagrusten 

 

Kanon til GT

På gresk vart ordet kánon brukt om eit innholt, stivt røyr, til dømes av siv. Vi kjenner det att i våpenet «kanon» og i den uthola treet som vart til «kano».

Et slikt stivt røyr kunne ein òg laga ein linjal eller ei målestong av. I denne tydinga blir kánon brukt om ei samling med bøker: Desse bøkene skal vera målestokken for kva som er rett lære. Kanonhistoria er difor historia om korleis ein avgjorde kva for bøker som skulle vera målestokk for trua og livet. Kva for bøker høyrde til innanfor kanon, og kva for bøker høyrde ikkje til der?

 

Jamnia, ein liten by vest for Jerusalem, er kjend som staden der sluttstreken vart sett for kanon til GT. Dette skal ha hendt i eit møte kring år 90 e.Kr. Men her avgjorde ein berre å halda på dei 39 bøkene; sjølve utvalet av bøker var gjort mykje tidlegare.

Korleis vi skal sjå på GT blir framfor alt avgjort av Jesus. Kristne kan ikkje ha noko anna forhold til GT enn det Jesus og apostlane hadde. Jesus synte ofte til bøkene i GT som autoritet i diskusjonar med dei skriftlærde: «Har de ikkje lese dette i Skrifta?» (Mark 12,10 og 26) Fordi Jesus og apostlane såg på GT som kanonisk, er det kanonisk òg for kristne i dag.

Kanon til NT

Ein av dei store kristne leiarane på den tida då kanon til NT vart avgrensa, var Augustin (354–430 e.Kr.). I boka Om den kristne læra fortel han kva som var viktigast då det vart avgjort kva for bøker ein skulle rekna med i kanon. Det han skriv, kan vi samla i tre punkt:

Bøkene måtte ha eit apostolisk opphav: Dei måtte vera skrivne av ein apostel eller av ein medarbeidar til ein av apostlane. Slik vart Markus- og Lukasevangeliet rekna som kanoniske: Markus var medarbeidaren til Peter, og Lukas var medarbeidaren til Paulus.

Dei måtte ha eit apostolisk innhald: Dei måtte innehalda den same bodskapen om Jesus som dei andre bøkene som alt var med i kanon.

Dei måtte vera allment utbreidde. Det var ikkje nok å koma med eit skrift som berre var i bruk nokre få stader. Bøkene måtte vera kjende og elska i heile kyrkja.

Sluttstreken for kanon til NT vart sett på kyrkjemøtet i Kartago i 397 e.Kr. Då vart det vedteke å ikkje rekna andre enn dei 27 bøkene vi har i NT i dag, med i kanon. Desse hadde biskop Athanasius i Alexandria lista opp i eit påskebrev frå år 367 e.Kr. Her bad han kyrkjene strengt om ikkje å rekna andre enn dei 27 NT-bøkene som heilage.

Men det var ikkje kyrkjemøte som valde ut dei 27 bøkene. Dei bøkene som dei kristne høyrde Guds røyst i, som dei stolte på og elska, vart heilage – utan at nokon hadde sagt det. Dei kristne gjorde altså ikkje bøkene kanoniske, dei berre godkjende dei som det Guds ord dei allereie var. Kyrkjemøtet i Kartago berre stadfeste kva for bøker som var kanoniske.

Utvalet av bøker var i praksis gjort over to hundre år tidlegare. Alt omkring år 180 finn vi ei kjerne av 21 bøker i kanon: Dei fire evangelia, Apostelgjerningane, 13 Paulusbrev, Peters første brev, Johannes’ første brev og Johannes’ Openberring. Seks av bøkene var endå ikkje i bruk alle stader: Hebrearbrevet, Jakobs brev, Peters andre brev, Johannes’ andre og tredje brev samt Judas’ brev.

Dei første listene

I 1740 finn historikaren Lodovico Antonio Muratori eit gamalt manuskript i biblioteket i Milano. Det er ei liste over kva for bøker som skal brukast i kristne gudstenester. Lista er skriven i Roma omkring år 180 e.Kr. og nemner 22 av bøkene i NT: Dei fire evangelia, Apostelgjerningane, 13 Paulusbrev, to brev av Johannes, Judas’ brev og Johannes’ Openberring. Manuskriptet blir kalla Muratoris kanon etter historikaren som fann det.

På 180-talet e.Kr. skreiv Ireneus, biskop i Lyon, si tredje bok mot vranglærarane (Adversus Haereses). Her listar han opp 23 bøker som er bindande i kyrkja. I tillegg til dei som er med i Muratoris kanon, nemner Ireneus Peters første brev og Hebrearbrevet, men tek ikkje med Judas’ brev.

Origenes (død 254 e.Kr.) reknar alle dei 27 bøkene i NT som kanoniske, men legg til at Hebrearbrevet, Peters andre brev, Johannes’ andre og tredje brev, Jakobs og Judas’ brev er omdiskuterte nokre stader. I tillegg reknar han nokre bøker som falske, blant andre det apokryfe Thomasevangeliet.

Dei fire evangelia

Kva slags bøker er eigentleg dei fire evangelia? Dei minner om moderne biografiar, men desse biografiane om Jesus frå Nasaret er nokså spesielle. Vi kan peika på nokre særdrag:

  • Dei fortel nesten berre om dei tre siste åra av livet hans. (Berre Matteus og Lukas fortel kort om då han vart fødd.)
  • Meir enn ein firedel av plassen blir brukt på den siste veka i livet hans.
  • Dei påstår at han framleis lever – etter at han døydde.

Men den viktigaste forskjellen på ein moderne biografi og evangelia er nok denne: Sjølv om ein tidlegare statsminister i Noreg skriv ein sjølvbiografi, ventar han ikkje dermed å bli personleg ven med alle som les boka hans. Men det ønskjer hovudpersonen i Bibelen!

I litteraturen finst det ingen parallellar til dei fire evangelia. Ingen av dei bøkene ein kallar apokryfe evangelie, har ei liknande oppbygging. Den svenske forskaren Harald Riesenfeld har sagt: «Ikkje berre religionshistorisk, men òg litteraturhistorisk sett er eit evangelium eit fullstendig unikum.»

Dei fire evangelia har same oppbygginga: Dei byrjar med døyparen Johannes og Jesu dåp i Jordan (Matteus og Lukas fortel først om at han blir fødd). Deretter følgjer forteljinga om tida då Jesus gjekk ikring i Galilea saman med disiplane. Midt i evangelia tek Jesus til å føreseia at han skal lida og døy, og han går opp til Jerusalem. Den siste delen handlar om Jesu død og oppstode.

Møte med ein evangelist

Korleis arbeidde evangelistane då dei skreiv? Lukas gjev oss eit glimt av arbeidsmåten sin i innleiinga til evangeliet. Her får vi vita mykje om arbeidet med evangelia:

Lukas fortel at han har stoffet frå dei som var augnevitne. Han har altså brukt kjelder i arbeidet. Ei av kjeldene var truleg Markusvangeliet, for omtrent heile Markus kan finnast att hos Lukas. Dette var ei augnevitneskildring, for Peter var kjend for å vera kjelda til Markusevangeliet. Papias (cirka år 130 e.Kr.) fortel at Markus var tolken til Peter og skreiv ned det Peter fortalde.

Lukas går deretter nøye gjennom stoffet for å vurdera om det er påliteleg. På denne tida levde fleire av apostlane, og dei kunne kontrollera om innhaldet stemte. Denne innleiinga som Lukas skriv, fortel om eit nøyaktig historisk arbeid der det ikkje var nok å fortelja ei god historie; ho måtte òg stemma ned til minste detalj.

Overlevert frå augnevitne

«Mange har alt prøvd å gje ei framstilling av det som har vorte oppfylt blant oss, slik vi har fått det overlevert av dei som helt frå først av var augnevitne og tenarar for Ordet. No har eg òg sett meg føre å skriva det ned for deg i samanheng, vørde Teofilos, etter å ha granska alt vel frå først av, så du kan sjå at det er påliteleg, det du er opplærd i.» (Luk 1,1–4)

Kven skreiv mest?

Evangelia har nokså ulik lengd. Lukasevangeliet er lengst. Så følgjer Matteus og Johannes, og Markusevangeliet er det stuttaste. Lukas skriv nesten dobbelt så langt som Markus.

Lukas er den forfattaren som har skrive mest i NT, i alt over ein firedel av teksta. Dei to bøkene han har skrive, er faktisk dei to lengste i NT. Lukasevangeliet er bind éin i eit tobindsverk der Apostelgjerningane er bind to. Desse to bøkene utgjer til saman cirka 48 000 ord på norsk.

På andreplassen kjem Paulus. Dei 13 breva hans utgjer til saman omtrent 43 500 ord på norsk. Det lengste, Romarbrevet, har litt over 9 000 ord på norsk.

Den tredje største gruppa er Johannes-skrifta: Johannesevangeliet, dei tre Johannesbreva og Johannes’ Openberring er på til saman mest 32 000 ord på norsk.

Faktarute: NT-statistikk

–          Matteusevangeliet:                 cirka 22 700 ord på norsk

–          Markusevangeliet:                  cirka 15 000 ord

–          Lukasevangeliet:                      cirka 25 000 ord

–          Johannesevangeliet:               cirka 18 000 ord

–          Apostelgjerningane:               cirka 23 000 ord

–          13 Paulusbrev:                          cirka 43 500 ord

–          Heile NT:                                     cirka 175 000 ord

 

Evangelie-highlights

Ein lærd mann frå Syria med namnet Tatian laga rundt år 170 e.Kr. ein evangelieharmoni, det vil seia ei bok der alle forteljingane frå dei fire evangelia er samla til eit kjempeevangelium. Boka kalla han Diatessaron, som tyder gjennom fire. Boka finst i fleire handskrift, det eldste er frå 200-talet e.Kr.

Ein skulle tru at eit slikt samla evangelium kom til å gjera det lettare for dei kristne å lesa om Jesus. Men Diatessaron vart historisk sett ein fiasko. Kjempeevangeliet greidde aldri å utkonkurrera dei fire evangelia. Folk likte betre å lyda til fire ulike forteljarar som hadde kvar si røyst, og som la vekta på ulike sider ved personen Jesus.

Eg røykte Matteus, Markus og Lukas …

«Du kan godt gje meg den boka, men eg kjem berre til å riva ut arka og rulla sigarettar!» Han var hånleg i stemma, likevel fekk han eit nytestamente. Mannen som gan han boka, bad han i alle fall lesa kvar side før han reiv dei ut. Mannen som gav bort eit nytestamente, heiter Gaylord Kambarami, og han vart sidan generalsekretær i Bibelselskapet i Zimbabwe. For ei tid attende kom Gaylord innom eit møte i ei metodistkyrkje. Brått stogga talaren opp, peika på Gaylord og sa: «Den mannen kjem vel ikkje i hug meg, men for femten år sidan freista han å prakka på meg eit nytestamente.» Han heldt fram: «Då eg ikkje ville kjøpa det, gav han det til meg, endå eg sa eg kom til å bruka papiret til å rulla sigarettar. Eg røykte Matteus, og eg røykte Markus og Lukas. Men då eg kom til Johannes 3,16, kunne eg ikkje røyka meir. Heile livet mitt vart nytt frå den augneblinken.» No er denne mannen evangelist på full tid og brukar livet sitt til å syna andre den frelsa han fann i Guds ord. (Påskemagasinet, Det Norske Bibelselskap 1991)

 

Print Friendly, PDF & Email