Artikkel og pdf-fil: Faste er ein viktigare del av livet til ein muslim, enn det er for ein kristen.

Faste har alltid vore viktig for både kristne og muslimar. Faste er ein viktigare del av livet til ein muslim, enn det det er for ein kristen. Før reformasjonen vart det oppfatta som ei religiøs plikt for alle kristne å faste, men no er det ikkje fullt så vanleg for protestantar lenger. Framleis faster dei fleste muslimar. Last ned artikkelen som pdf her

Kristen faste

Det einaste mange barn i Norge tenker på når dei høyrer ordet «faste», er fastelavens-boller med krem som mange et på fastelavens-sundagen. Mange meiner at det er dumt at barn kan så lite om kva kristen faste eigentleg er.
Dei kristne faster til minne om Jesus som fasta i 40 dagar ute i ørkenen. Fasta starter på onsdagen sju veker før 1. påskedag, og varer altså i 40 dagar utanom sundagane. Etter reformasjonen har fasta fått mindre betyding for den protestantiske kyrkja, men i dei katolske og ortodokse kyrkjene er det fortsatt mange som praktiserer fasta slik som før. I Bibelen står det mykje om kva faste er, men Gud seier ikkje at me må faste for å bli frelst.
I Bibelen kan me sjå at talet 40 tradisjonelt er knytt til disiplin, det å gje seg hen og førebuing. Dette er nok grunnen til at mange som faster, fokuserer meir på Gud og bruker meir tid saman med han. Moderne former for kristen faste kan vere å halde seg frå å ete sjokolade eller å faste frå Facebook eller TV-sjåing.

Faste i islam

For muslimane er fasta ein del av dei fem søylene og derfor veldig viktig for dei. Fastetida er i månaden ramadan som er den niande og den viktigaste månaden i det muslimske året. I islam kallar dei som regel fastetida for ramadan sidan det er heile den månaden dei faster. Månaden varer i 29 dagar.
Muslimar faster til minne om då profeten Muhammed fekk koranen frå Gud (Allah). Derfor er det veldig sentralt for muslimane å lese i koranen denne tida.
Under fastetida skal ikkje muslimane ete eller drikke frå sola er gått opp om morgonen, til sola går ned om kvelden. Dei kan heller ikkje røyke eller ha seksuell omgang medan sola er oppe. Nokon muslimar som faster, spyttar også mest mogleg i løpet av dagen, for at dei ikkje ein gong skal svelgje sitt eige spytt.

Kva er forskjellen?

Det er noko som er likt og mykje som er ulikt når det gjeld fastetida til kristne og muslimar. Sidan faste er ei av dei fem pliktane ein muslim må gjere for å bli frelst, faster dei fleste muslimar under ramadan. Bøn og gode gjerningar veg også tyngre hjå Allah under ramadan. Ramadan er ei viktig høgtid kor muslimar styrkar fellesskapet dei er ein del av og brukar mykje tid saman med familie og vener.
Kristne på si side trur at ein berre kan bli frelst ved å tru at Gud sendte sin son Jesus til jorda som eit menneske, og at han døydde for å ta den straffa alle menneske skulle hatt. Difor er kristen faste ikkje ei plikt, men noko den einskilde kristne kan gjere for å styrke fellesskapet med Gud. Ein viktig likskap mellom fasta i desse to religionane, er at folk set fokus på Gud og ynskjer å bruke meir tid saman med han denne tida. Dessutan ynskjer dei å bli betre menneske. Eg trur det er viktig at kristne ikkje gløymer vekk fastetida, men prøver å bruke i alle fall meir tid saman med Gud, sjølv om ein et normalt i denne tida før påske.

Av Ingveig Reilstad 2014
(Foto: Wikipedia)

Print Friendly, PDF & Email