Kanonhistorie
Her finner du kapittel 8.2 online versjon.
Dersom skolen din allerede har læreboken, så kan passord fåes ved å kontakte Damaris Norge.
Dersom skolen din ikke har læreboken, kan den bestilles via NLA Høgskolen.
Mål for opplæringa er at eleven skal kunna:
- Beskriva dei store trekka i historia om korleis Bibelens kanoniske skrifter vart samla
Læringsmål:
Etter å ha lese dette kapitlet skal eleven kunna:
- gjera greie for korleis kanon til Det gamle testamente vart bestemt
- gjera greie for korleis kanon til Det nye testamente vart bestemt
På Jesu tid og i oldkyrkja fanst det fleire skrift i bruk mellom jødane, og mange av dei hadde høg autoritet. Også blant dei kristne fanst det etter kvart ei rekkje bøker både om Jesu liv og om apostlanes liv og lære. Var alle desse bøkene like pålitelege? Var dei alle heilage skrift som skulle ha autoritet i kyrkja?
Historia om korleis ein kom fram til at nett dei bøkene som no står i Bibelen, skulle høyra med til dei heilage skrifta, vert kalla kanonhistoria.
På gresk vart ordet kánon brukt om eit uthola, stivt røyr, til dømes av siv. Vi kjenner det att i våpenet «kanon» og i det uthola treet som vart til «kano».
Eit slikt stivt røyr kunne ein òg laga ein linjal eller ei målestong av. I denne tydinga blir kánon brukt om ei samling med bøker: Desse bøkene skal vera målestokken for kva som er rett lære.