Økonomi og antropologi

– menneskesyn i konkurransesamfunnet

Av Stig Tore Aaberg

Denne artikkelen vil sjå nærmare på forholdet mellom økonomi og menneskesyn, og korleis konkurranseelementet i vårt rådende økonomiske system påverkar og utfordrar synet på oss sjølv, på kvarandre, og vår opplevelse av verdi. Teksten bygger på ettikkprofessor Svein Olav Thorbjørnsen si bok, «Vinn eller forsvinn: Mennesket i konkurransesamfunnet», og særlig kapittel 6, «Konkurranse og økonomi – antropologiske perspektiver» (Fagbokforlaget, 2008).

Temaet økonomi og antropologi kan knyttast opp mot alle dei tverrfaglege tema i læreplanen, samt alle kompetansemål relatert til religion, samfunn, politikk og kultur. Frå synleggjeringstillegget kan ein knytte an til både «å vere påverka av eigen ståstad», og perspektiva som handlar om å vurdere og analysere livssyn ut frå kristen tru og verdiar.

Det økonomiske systemet, dvs den grunnleggande motivasjonen for produksjon av varer og tenester, og prinsippa for fordelinga av fortjeneste, makt og goder, er den sterkaste formative faktoren for liv, struktur og samhandling i eit samfunn. Marx har antakeleg rett når han seier; den som kontrollerar produksjonsmidla kontrollerer samfunnet. Det økonomiske systemet vil uttrykke noko grunnleggande om verdiar og livssyn i samfunnet, men ein erfarer også at religion og livssyn kan vere ganske fleksible i å tilpasse seg «systemet». I praktisk handling i kvardagen vil då økonomiske verdiar ofte vege sterkare enn religion og livssyn, og kan på mange måtar bli sjølve «synet» som vi tolkar heile samfunnet gjennom, og som vi forstår oss sjølv, kvarandre, vår tid og vår verden ut i frå. Verdiar er det vi er villige til å bruke pengar på, seiest det…

Innleiingsvis vil vi avklare begrepet antropologi, før vi ser på korleis menneskesynet vårt vert utfordra av neo-klassisk kapitalistisk teori. Til slutt drøfter vi kort om det finns alternative økonomiske system som betre kan ivareta menneskeverdet.

Antropologi

Nokre enkle fakta: Mennesket deler ca 95% av grunnstoffa i kroppen med gråstein, 50% av DNA med bananer, 98,5% av arvematerialet med griser. I tillegg består 99% av all materie på jorda av grunnstoffa hydrogen, oksygen, karbon, nitrogen, kalsium og fosfor. Spørsmål som reiser seg blir fort: Kva er då eit menneske? Kva er forskjellen på liv og ikkje-liv? Kva gjer meg anleis enn andre skapningar? Er det bare snakk om kvantitative forskjellar, eller er det også kvalitative forskjellar mellom mennesker og dyr? Kva er min verdi, og korleis kan eg begrunne den?

Etymologisk kjem begrepet antropologi frå gresk «anthropos», som betyr mann / menneske, og «logi», som betyr læren om. Antropologi er då vitenskapen om mennesket og menneskesamfunnet, og alt som er karakteristisk for den menneskelige erfaring. Det er ein tverrfagleg disiplin som involverer fag som biologi, psykologi, sosiologi, sosialantropologi o.l

Vår antropologi blir på mange måtar synonymt med vårt menneskesyn. Det er den oppfatning vi har av oss sjølv og av kvarandre, som ikke alltid er så lett å uttrykke i ord, men som like fullt kjem til syne i ord og handling. Det er ei oppfatning som pregar korleis vi lever livet med oss sjølv, våre møter med andre menneske, og som er styrande for kva vi strekker oss etter av mål og visjonar for både individ og samfunn. Det vil f.eks prege «rangeringa» av prioriteringane vi gjer, og hensyn som vi tar i forhold til f.eks individet, kollektivet, arbeid, pengar og profitt, staten, miljøet osv.

Korleis finn vi ut av menneskesynet vårt? Bevisstheit om menneskesyn kan slik bare utviklast ved å bli meir bevisst på handlingane og handlingsmønstera våre, og vidare øve oss på å sette ord på desse. Det innebærer å reflektere over kven vi er og korleis vi møter andre, og å bli meir bevisst på kva som driv oss, verdiane våre, og kva retning vi har for livet vårt.

Kvifor bør vi jobbe med menneskesynet vårt? Gode grunnar for å jobbe med bevisstgjering av menneskesynet er bl.a at det kan hjelpe oss med å gje meining til det vi lengtar og strekker oss etter, og til å forstå kvifor vi f.eks blir motivert, engasjert, apatiske, emosjonelt berørt osv. Det kan også hjelpe oss til å ta betre stilling til aktuelle konflikter, etiske spørsmål og dilemma, både personleg og samfunnsmessig. Det utfordrar også synet vårt på, og behandling vår av menneska rundt oss, både nære og fjerne.

Menneskesyn

I antropologien er det vanleg å tenke to grunnleggande menneskesyn, men humanisme kan vere nyttig å dele i to variantar:

NATURALISME beskriv mennesket som bare natur, og ein sum av biologisk materie og fysiologiske prosesser. Vi er avanserte dyr utvikla gjennom tilfeldig evolusjon, men har ingen særskilt verdi utover eigenskapar og nytteverdi. Mennesket er ikkje eit moralsk vesen, og «moral» reduserast til det som er sosialt hensiktsmessig for overlevelse, trivsel og utvikling.

SEKULÆR HUMANISME bygger også på eit naturalistisk, evolusjonært menneskesyn, men pluss «noko meir». Mennesket har ei «ånds-side» som gjerne knyttast til kreative og sosiale evner som bevisstheit, sjølvrefleksjon, kultur, omsorg for svake etc. Kvart menneske har ein «iboende verdighet», og humanismen setter mennesket sitt beste i sentrum, både som individ og fellesskapsvesen. Mennesket er i utgangspunktet eit godt, moralsk, autonomt subjekt, der ondskap gjerne forklarast med arv, miljø og mangel på kunnskap.

RELIGIØS HUMANISME deler sekulærhumanismen sin grunntanke om menneskets beste i sentrum, men at det sant menneskelege også må ta på alvor menneskets sine religiøse lengslar og åndelige behov. Menneskets eksistens bygger på tanken om ein skapargud, og i eit kristent perspektiv er mennesket noko unikt i skaperverket gjennom å vere skapt i Guds bilete som eit relasjonelt vesen. Vi er skapt som individ, som mann og kvinne, og med både kropp og sjel (jamf. 1.Mos 2,7 – «ei levande sjel»). Samtidig er vi skapt til fellesskap med Gud, og gjensidig avhengigheit til vår neste, fellesskapet, og naturen. Som mennesker er vi også gitt ein uendeleg, konstant verdi, bekrefta av Gud gjennom mennesket Jesus. Mennesket er også forstått som eit moralsk vesen med tilbøyeligheit til både godt og ondt.

Vidare i artikkelen skal vi sjå nærmare på korleis særleg dei humanistiske perspektiva vert utfordra av at vi lever i eit konkurransedreve økonomisk system.

Økonomi, konkurranse og menneskesyn

Økonomisk aktivitet handlar i stor grad om å skaffe til veie og fordele nødvendige goder, og det som ellers er verdifullt for mennesker og samfunn, men det vil uansett stort sett dreie seg om materielle ting. Eit hovudanliggande i Thorbjørnsen sin artikkel er at konkurransesamfunnet bidrar til at tempoet og innsatsen i denne produksjons- og fordelingsprosessen aukar, og gjennom det oppstår det ei spenning mellom det som er verdifullt for mennesket og det som er verdifullt ved mennesket. Økonomisk aktivitet former ubevisst tankane våre om kven som er mest «nyttig» i å framskaffe og fordele desse verdiane, og at den som har mest ting, og mest verdifulle ting, også blir ansett for å ha høgast verdi i samfunnet. Denne nære forbindelsen mellom økonomi og antropologi er det nødvendig å vere oppmerksom på.

I den klassiske kapitalismen etter Adam Smith leggast det vekt på individuell friheit for kollektiv velstand (hovedverket heiter tross alt «Wealth of Nations» og ikkje «Wealth of Individuals”). Markedet er tenkt styrt av «den usynlige hånd», men denne må også av og til korrigerast ut fra menneskelige hensyn, og slik ivaretar klassisk kapitalisme eit visst humanistisk og antropologisk perspektiv.

I neoklassisk økonomisk teori beskriv Thorbjørnsen korleis økonomi i større grad blir tenkt som ein «matematisk naturvitenskap» som kan forstås og styrast etter bestemte «lover» om rasjonalitet, motivasjon, handlekraft og individuelle valg. Økonomisk konkurranse og menneskelig innsats, nytte, behov og psykologi er ein del av denne «ligninga». Robert H Nelson beskriv neoklassisk økonomisk som eit sett av prinsipp som til saman utgjer ein antropologi for å forstå mennesker og samfunn, som gjev meining til mennesket sin eksistens, definerer mennesket sitt formål, og setter rammene for korleis vi aksepterer ein virkelighet med økonomisk verdiskaping som mål.

Torbjørnsen peiker på at i eit samfunn der økonomisk konkurranse utgjer drivkrafta i det økonomiske systemet så vert sjølve «virkeligheten» omgjort til en konkurranse. Eit konkurransesamfunn er anleis en konkurranseidrett, for deltaking i idretten er frivillig, og du kan når som helst velge å trekke deg ut. Det er ikkje mogleg når «virkeligheten» er ein konkurranse. Mennesker risikerer å gå frå å vere medmennesker til å bli konkurrentar, og relasjonar erstattast av varer og tjenester, ein verknad som Nelson beskriv som commodification av relasjonar. Eit slikt samfunn vil uungåelig også fremme ei elite-tenkning der nokon vil bli oppfatta som betre eller dårlegare enn andre. Samtidig er ikkje økonomisk konkurranse bare negativt, og erfaringa viser at konkurranse i eit samfunn i sum gjev meir velstand og betre levekår for fleire. Det er vanskeleg å mislike. Men, gjennom dette kan vi også «lurast» til å tenke at eit velstående samfunn er eit betre samfunn, at eit velståande liv er eit betre liv, og at eit velstående menneske er eit betre menneske.

Eit hovudspørsmål i Torbjørnsens sin artikkel er korleis ein kan snu økonomisk tenkning og system til ein meir moralsk og menneskevennlig økonomi. Korleis komme vekk frå at «mennesket tjener økonomien» til at «økonomien tjener mennesket»? Fra økonomi som eit mål i seg sjølv, til økonomi som eit middel for noko større? Han peiker sjølv på fire grep som er mogleg å gjere:

  • Kontinuerlig tenke kritisk gjennom sitt eige menneskesyn
  • I større grad problematisere dei negative følgene av det økonomiske systemet
  • I større grad tenke menneskets beste, og heile menneskets beste i forhold til økonomisk aktivitet
  • I større grad tenke langsiktig, og langsiktig fellesskapsbyggande

Det økonomiske mennesket?

Er dette bare idealistisk ønsketenking i strid med markedets lover om fri konkurranse, tilbud og etterspørsel?

John Stuart Mill utforma i sin økonomiske teori ei forestilling om «det økonomiske mennesket». Her framstiller han mennesket som primært å handle ut frå egoisme, nytte og eigeninteresse. Målet for individet er lyst og nytelse i tråd med Jeremy Benthams hedonisme, og «det gode» i eit samfunnsperspektiv er det som er best for flest, jamf. utilitarisme. Innan eit materialistisk verdensbilete vert dette også den fornuftige tingen å gjere. Den britiske økonomen Alfred Marshall, som vert reikna som «far» til neoklassisk økonomisk teori, uttrykker den samme tankegangen ved å hevde at mennesket tilfredsstillast gjennom forbruk, og at denne streven etter å dekke lyst og behov er eit uttrykk for mennesket som rasjonelt vesen. (PS: «Fornuft og rasjonalitet» er i denne samanhengen forstått som (evt. redusert til) evnen å ta valg som leier mot mål med økonomisk nytteverdi, og i neste runde nytelsesverdi.)

Men er Mill og Marsjall sine antakelsar faktisk tilfelle, og kan vi akseptere denne framstillinga av oss sjølv? Den norsk-amerikanske sosiologen Thorstein Veblen kommenterer at ein slik økonomisk hedonismen / utilitarismen er en trussel mot det sant menneskelige, og mot menneskets verdigheit. Og like viktig: Denne beskrivelsen av menneskets natur og drivkraft viser seg å ikke stemme! Empirisk observasjon og erfaring viser at dei fleste menneske som har moglegheit til å velge også tar sosiale, uegennyttige valg i meir altruistisk ånd. Mennesker flest er ikkje bare egoistiske livsnytarar. Amartya Sen, indisk samfunnsøkonom, viser det samme; at mennesker som hovedregel handlar ut fra mange andre hensyn en ut frå eigeninteresse.

Bærekraftige alternativ?

Torbjørnsen viser at forestillinga om mennesket som primært eit «økonomisk vesen» i stor grad er tilbakevist og tatt avstand frå innan psykologi, sosiologi og sosialantropologi. MEN, problemet er at forestillingen fortsatt er dominerende i lærebøker om økonomisk teori, og særlig innen områda mikroøkonomi og markedsføring. Grunnteoriane bygger fortsatt på forenkla samanhengar mellom kost-nytte, tilbud-etterspørsel, innsats-profitt, og lyst-nytelse. Torbjørnsen utfordrar denne tenkninga ved å peike på at mennesker først og fremst ikkje viser seg som rasjonelle, egoistiske og individuelle vesen, men oftast som «irrasjonelle», altruistiske og relasjonelle vesen. Spørsmålet som melder seg blir då: Korleis skape eit økonomisk system i samsvar med denne «virkelige virkeligheten», og som forholder seg til slik som mennesket eigentleg er? Torbjørnsen peikar på to vegar:

Vi må for det første utvikle eit meir bærekraftig menneskesyn, som i større grad tek utgangspunkt i ei heilheitstenkning om mennesket som både «kropp og sjel». Ein må i tråd med Kants humanismeformulering løfte fram mennesket ikkje bare som middel, eller bare eit instrument for å tjene økonomiske mål, men som eit formål i seg sjølv. I tillegg må ein jobbe med personleggjering og menneskeleggjering av dei ulike partene i samfunnet. Ein må skape ein bevegelse bort frå tanken om at vi er konkurrentar og mot at vi er partnarar og medmenneske, og bort får tanken om mennesket utelukkande som forbrukarar og tilbake til tanken om at vi er borgarar.

For det andre må det utviklast eit meir bærekraftig økonomisk system der dei virkelige verdiane plasserast i forgrunnen som hovedmål; som tillit, integritet, autonomi, altruisme, relasjonar, omsorg, åpenheit, anerkjennesle, fellesskap, individualitet, heilheit, langsiktigheit, gjensidigheit, ansvarligheit, likheit, audmjukheit osv.

Hayek – perfekt konkurranse?

Korleis kan ein eventuelt omforme dagens konkurransesamfunn til eit meir rettferdig, åpent og inkluderande samfunn? Ein kunne tenke at svaret var å bevege seg bort frå konkurranse, men Thorbjørnsen går eigentleg andre vegen, mot meir konkurranse. Hovudproblemet med konkurransesamfunnet er ikkje konkurransen i seg sjølv, men at det i realiteten ikkje er konkurranse på like vilkår. Dei med allereie makt, pengar og posisjon har fordelar av systemet som andre ikkje har. Løysinga som Thorbjørnsen peikar mot ligg i å skape eit system med reell og rettferdig konkurranse. Her viser han til Fredrick Hayek, austerriksk økonom og vinnar av Nobelprisen i økonomi i 1974. Han er særleg kjent for boka «The Road to Serfdom» (= leilending), og her beskriv han eit system av «perfekt konkurranse».

Hayek er grunnleggande skeptisk til statlig innblanding, men understrekar samtidig behovet for tydeleg regulering av markedet. Reguleringane må særleg ivareta rettigheiter som individets moglegheiter, friheit, og likheit. Fokus primært på profitt vil ifølge Hayek uunngåelig føre til monopol gjennom at dei store «sluker» dei mindre, og til slutt føre arbeidarar, forbrukarar og samfunn inn i «serfdom». Hayeks utgangspunkt er derfor at det er materielle goder utover dei grunnleggende behova som er irrasjonelt, fordi det er dette konkurransejaget etter stadig meir som skapar problema. Hayeks tilnærming til økonomisk tenkning er derfor at det økonomiske systemet betre må ivareta det humanistiske perspektivet. For at dette skal skje så krever det konstant kritisk tenkning om tre forhold: 1) statens makt og rolle, 2) verknad / virkegrad av reguleringane, og 3) kva verdiar som er, eller bør vere i fokus.

Kristne perspektiv på økonomi

Kva kan eventuelt kristen tru tilføre av kritiske perspektiv på det økonomiske feltet? Og i kva grad er det i heile tatt relevant i samanheng med økonomisk teori? I lys av Hayek så har kristen tru mykje relevant å bidra med med tanke på menneskesyn og på verdiplanet. I tillegg er det relevant ut i frå at kristendommen utgjer ein betydeleg sosial og politisk faktor mange stader i verden, både historisk og i dagsaktuelle spørsmål. Her peiker Thorbjørnsen på tre tradisjonar som gjer seg gjeldande:

Konservatisme

Vi kjenner gjerne denne frå republikansk høgreside i amerikansk politikk, men ser den i nyare tid også som betydelige bevegelsar i fleire europeiske land, inkludert Norge. Særleg er den kjent for verdikonservatisme, men ofte også som ein bekreftande stemme av det kapitalistiske systemet. Marked, individuelt ansvar, friheit, demokrati og tradisjonelle, kristne familieverdiar heng uadskillelig sammen, og rikdom forstås i større og mindre grad som en velsignelse fra Gud, og gjerne som belønning for hardt arbeid.

Frigjeringsteologi

Frigjeringsteologien kjenner ein særleg som eit kraftfull bevegelse frå det Sør-Amerikanske kontinentet, og denne er i stor grad avvisande overfor marknadsøkonomien. Ideologien er til dels inspirert av marxistisk tankegods, der kapitalismen er en «avgud», og fokuset er på solidaritet og lik og rettferdig fordeling.

Kristendemokrati

Kristendemokratisk tenkning er på mange vis den kristelige varianten av sosialdemokratiet. Vi finn den særleg som politisk kraft i Europa, og i Norge først og fremst gjennom KrF. Kristendemokratisk ideologi forheld seg grunnleggande positiv til markedsøkonomien som ein god tjenar, men vil også advare om den som ein farleg herre. Økonomien må vere underlagt moralske normer, og den må kontinuerlig korrigerast i eit samspel mellom stat, marked, og kristenhumanistiske verdiar som menneskeverd og forvaltaransvar. Menneskesynet, og forestillinga om mennesket som både godt og ondt må vere det styrande prinsippet for lover og reguleringar

Avslutning

Thorbjørnsen er ikkje økonom, og meiner ikkje å lansere eit spesifikt kristent alternativ til økonomisk teori. Det interessante i artikkel er likevel at han viser at vår vestlige økonomiske modell ikkje er bærekraftig, at den til dels bygger på feil premisser om mennesket (jamf. menneskesyn), og er i konflikt med det vi veit om mennesket og menneskelig samspel frå andre fagfelt. Han viser også at ei alternativ, meir verdibasert økonomisk tenkning faktisk er mogleg. Dei tre sentrale komponentane i eit slikt alternativ må bygge på bevisstheit om menneskesyn, tydelege verdiar, og kritisk tenkning om både oss sjølv, verdiane våre, og det økonomiske systemet. Thorbjørnsen kan sjølv få oppsummere formålet med, og perspektivet i artikkelen med følgande sitat:

«Det verdifulle ved mennesket er dets åndelige side, dets evne til omsorg, til nestekjærlighet og vilje til å sette andres interesser fremfor sine egne. Spørsmålet er imidlertid hvilket gjennomslag slike verdier har i dag. Er vårt samfunn i den grad bestemt av økonomiske forutsetninger at det er mer harde og målbare verdier som reelt sett bestemmer hva som er verdifullt og godt, både for og ved mennesket?»