I 2024 er det 1000-årsjubileum for Mostertinget, og det mange ser som startskotet for framveksten av kristenretten, og gjennombrotet for kristendommen i Norge. Kva skjedde på Moster, kor kom impulsane frå, og kva betydning har tinget hatt for verdigrunnlag, og seinare endrings- og utviklingsprosessar i norsk kultur, jus, politikk og samfunn?

Temaet er ein god og aktuell illustrasjon til kompetansemålet; utforske og drøfte hvordan religion inngår i historiske endringsprosesser globalt og nasjonalt”. Det er også eit perspektiv frå synleggjeringstillegget til å reflektere over; hvordan forståelse, analyse og vurdering alltid vil være påvirket av eget ståsted. Og i denne samanhengen kanskje særleg bidra til refleksjon over kor denne “ståstaden” kjem frå?

Her er to artiklar av førsteamanuensis Torgeir Landro, prorektor for forsking og formidling ved NLA Høgskolen.

  1. Ein kort, som tek for seg “KVA VAR DET NYE I 1024“.
  2. Ein lengre, “PÅ SPORET AV MOSTERTINGET“, som går meir i dybden på innhald, kven som dreiv det fram, innflytelse og inspirasjonskjelder, og verknader av tinget på både kortare og lengre sikt.
Print Friendly, PDF & Email