Kanonhistorie

Her finner du kapittel 8.2 online versjon.

Som elev får du tilgang ved å få passord fra læreren din.


STUDIEFØREBUANDE, KOMPETANSEMÅL
Mål for opplæringa er at du skal kunna:

bible-easter-1281216_960_720

  • Gjere greie for korleis Bibelen har vorte til, og reflektere over korleis den vert tolka og brukt 

YRKESFAG, KOMPETANSEMÅL
Mål for opplæringa er at du skal kunna:

  • Gjere greie for korleis Bibelen har vorte til, og reflektere over korleis den vert tolka og brukt 

 

LÆRINGSMÅL
Etter å ha lese dette kapitlet skal du kunna:

  • Gjere greie for korleis kanon til Det gamle testamente vart bestemt
  • Gjere greie for korleis kanon til Det nye testamente vart bestemt

På Jesu tid og i oldkyrkja fanst det fleire skrift i bruk mellom jødane, og mange av dei hadde høg autoritet. Også blant dei kristne fanst det etter kvart ei rekkje bøker både om Jesu liv og om apostlanes liv og lære. Var alle desse bøkene like pålitelege? Var dei alle heilage skrift som skulle ha autoritet i kyrkja?

 Historia om korleis ein kom fram til at nett dei bøkene som no står i Bibelen, skulle høyra med til dei heilage skrifta, vert kalla kanonhistoria.

 På gresk vart ordet kánon brukt om eit uthola, stivt røyr, til dømes av siv. Vi kjenner det att i våpenet «kanon» og i det uthola treet som vart til «kano».

 Eit slikt stivt røyr kunne ein òg laga ein linjal eller ei målestong av. I denne tydinga blir kánon brukt om ei samling med bøker: Desse bøkene skal vera målestokken for kva som er rett lære.

 

Repetisjonsspørsmål

1.      Kva er tilhøvet mellom jødane sin kanon til GT og kyrkja sin kanon til GT?

2.      Kva var viktig for kyrkja når ein skulle avgrensa kor mange bøker som skulle høyra til i NT?

3.      Kvifor var det viktig at kyrkja fekk ein kanon?

 

Ekstra-ressurser fra Damaris Norge

Hvem valgte ut skriftene i Det nye testamentet?
Podcast

Print Friendly, PDF & Email