Generativitet – livslang karakterdanning

«Danning er å forstå seg selv i lys av sin utdanning»

Søren Kierkegaards

Av Stig Tore Aaberg

I overordna del av Læreplanen er skulen gitt oppdraget med «danning og utvikling av kompetansen til alle deltakere i grunnopplæringen». I formål til Religion og etikk står at faget skal fremme danning og gjere elevane «i stand til å mestre livet, være ansvarlige medborgere og bidra til et bærekraftig samfunn». I KFFs synleggjeringstillegg til Overordna del av Læreplanen er det endå klararre uttrykt at danning ved kristne skular skal bygge på ei kristen verkelegheitsoppfatning og på det kristne verdigrunnlaget. Så danning er noko skulen er pålagt å drive med. Men kva meir kan ein seie om mål, innhald og metode i danningsprosessen? Perspektiva på livslang karakterdanning i denne artikkelen er i hovudsak henta frå Stein M. Wivestad, dosen ved Avdeling for pedagogikk ved NLA Høgskolen, og Leif Gunnar Engedal, professor emeritus ved MF.

Wivestad skriv at «karakteren er kjernen i danning. Å fremme danning er å legge til rette for utvikling av karakter.» Så å utvikle den personlege karakteren blir slik ein nøkkel til å lykkast med danningsoppdraget, men då kan det vere nyttig å begynne med ei avklaring av begrep:

Identitet er på mange vis summen av det vi identifiserer oss med, den vi er, eller vil være, og alt det som har forma oss både individuelt og kulturelt med tanke på heile pakken av personlegheit, interesser, bakgrunn, verdier, livssyn, erfaringar, geografi, miljø, historie, språk, kulturuttrykk osv.

Personlegheit er ein del av identiteten vår. Det dreier seg om vår måte å vere på, og den vi er når vi kan vere oss sjølv, og den vi typisk er når livet flyt i medgang. Vi kan f.eks vere utadvente, innadvendte, sosiale, spontane, ettertenktsomme, analytiske, melankolske osv. Personlegheit handlar då grunnleggande om korleis vi forholder oss til relasjonar, personar, og emosjonar.

Karakter er ein del av personligheten vår (karakter = «kjennemerke»). Det dreier seg meir om det som kjenneteiknar vår måte å handle på, og motiva for handling, om vanane våre, og det vi typisk gjer når livet byr på utfordringar. Det kan f.eks vise seg i sjølvstendigheit, sjølvkontroll, unnvikelse, disiplin, viljestyrke, latskap, integritet, upåliteligheit, målrettaheit, misunnelse, kynisme, empati osv. Karakter handlar meir om korleis vi forholder oss til situasjonar, vilje og verdival.

I artikkelen «Livslang karakterdanning» brukar Wivestad begrepet andragogikk om oppdraging og danning av voksne som ei vidareføring av pedagogikk, som er oppdraging og danninga av barn. Dette er ut frå erkjenninga av at danning er ein livslang prosess, og slik sett er det eit relevant perspektiv for våre elevar i Religion og etikk som står på terskelen til vaksenlivet. Han refererer bl.a til Johan Comenius («far» til pedagogisk vitenskap) som ser på heile livet og heile verda som ein «livets skule». Vi må altså sjå vårt oppdrag som del av ein prosess som ikkje er avslutta ved bestått vitnemål.

Innleiingsvis stiller Wivestad to grunnleggande spørsmål om utvikling av karakter hos vaksne:

  1. Kva er den vaksnes særskilde utfordring og ansvar?
  2. Korleis kan vaksne bli betre førebilete for barna?

Den vaksnes særskilde utfordring og ansvar

Som eit delsvar på det første spørsmålet kan ein sjå på kva vil det seie å vere vaksen. Leif Gunnar Engedal har følgande beskrivelsar av kva «grown-up-ness» inneber, og som teiknar opp både utfordringar og mål for dannings-prosjektet:

  • Å vite om sine styrker og sin eigenverdi
  • Å kjenne si sårbarheit og svakheit
  • Å kunne hevde sin rett og ivareta sin verdi
  • Å våge å være tydelig på sine verdier og si tru
  • Å våge å sette grenser, og kjempe for det ein trur på
  • Å kunne innrømme feil og be om tilgjeving
  • Å kunne tenke og handle langsiktig og vidsynt
  • Å kunne forsake sitt eige til fordel for det som er viktigare
  • Å kunne gje og ta imot medfølelse og barmhjertigheit
  • Å kunne glede seg over livet og uttrykke takknemlegheit

Wivestad brukar Erik Eriksons 8 livsfaser for å beskrive dei ulike utfordringane vi møter på i ulike stadier av livet. Kvar livsfase har potensiale til å utvikle karakteren vår den eine eller andre vegen, alt etter kva som møter oss og korleis vi responderer på det. I kvar fase er det sterke element av «vegval» som vil ha stor betydning for danninga av karakter og utvikling av viljestyrke:

  1. Grunnleggande tillit eller mistillit (0-1,5 år)
  2. Sjølvstendigheit eller skam og tvil (1,5-3 år)
  3. Initiativ eller skuldkjensle (3-6 år)
  4. Arbeidsiver eller underlegenheit (6-12 år)
  5. Identitet eller rollekonflikt (ungdomstid)
  6. Nærheit eller isolasjon (tidlig vaksenalder)
  7. Produktivitet eller stillstand (vaksenalder)
  8. Eg-integritet eller fortvilelse (alderdom)

Sjølv om det beskrivast som fasar så vil utfordringane i ulik grad følge oss gjennom heile livet. Det er også sjølvforsterkande mekanismer i dette der vala vi gjer i èin fase vil danne mønster for handling i andre faser. I utvikling av KARAKTER er derfor Wivestad tydeleg på at det foregår gjennom VAL som den essensielle faktoren. Vi VELGER kven vi vil vere, og korleis vi vil forholde oss til det som møter oss i livet. Erfaringa frå tidlegare faser følger med oss, men vi er ikkje dømt til å følge i samme spor. Her er han i godt selskap med professor Humlesnurr: Den vi er handlar ikkje om evnene eller moglegheitene vi har, men om vala vi gjer. Å bli vaksen er i det perspektivet noko vi velger.

Målet for danning i klassisk forstand er å kunne leve fullt og heilt som mennesker. Ei viktig erkjenning for å kunne gjere gode, karakterdannande val er derfor å ta inn over seg realiteten av vår interdependens; at vi er avhengig av kvarandre. Karakter utviklast ikkje i eit individuelt, tomt rom for oss sjølv, men i og gjennom interaksjon med relasjonar i felleskapet: Eg er avhengig av deg, og du er avhengig av meg. Vidare er det eit sentral måla at grown-up-ness skal lede til skapande virksomheit som fører liv og samfunn vidare. Sunn karakterdanning har ikkje bare fokus på seg og sitt her og no, men på det som bygger felleskap og gode relasjonar på tvers av grupper og gjennom generasjonar. Dette er noko av det som ligg i begrepet generativitet, som i samanheng med karakterdanning inneber videreføring av det livet og det samfunnet som er ønskeleg at neste generasjon skal ta ansvar for. Slik sett svarer på mange vis begreper generativitet på det første spørsmålet om den vaksne si særlege utfordring og ansvar, og som i eit kristent perspektiv kan knyttast tett til menneskets kulturoppdrag: Bli mange, og legg jorda under dykk.

Korleis vaksne kan bli betre førebilete for barna

I besvarelsen av det andre spørsmål om korleis vaksne kan bli betre førebilete for barna så peiker Wivestad tilsynelatande paradoksalt på barna sjølv som modell for oss vaksne for korleis livslang karakterdanninga kan foregå. Nokre av dei livshaldningane som barna kan minne vaksne om, og som danner føresetnader for karakterdanning, er:

  • å vere åpne, audmjuke og tillitsfulle
  • å våge å spørre
  • å vere mottakelege for hjelp
  • å gjere nye erfaringar utan frykt
  • å leve fritt og leikande utan å alltid ha full kontroll (homo ludens)

Korleis kan så danning haldast ved like gjennom livet som ein kontinuerlig prosess? Wivestad konkretiserer dette ved å peike på følgande «metodar»:

  • Å velge gode rollemodellar og aktivt «mime» etter desse. Ikkje i ubevisst etterlikning, men ved å kreativt la seg inspirere i haldningar og handling.
  • Å spegle oss sjølv i andre. Ikkje for å la andre overstyre vår individualitet, men for at vi skal pregast til omtanke og ansvarfølelse for fellesskapet.
  • Å ha ei skisse av «det gode» som setter retning og som vi kan styre etter, og ha klare mål og forestillingar om korleis «det gode liv» kan levast. Dette innebær bevisstgjering av normer, verdiar og livssyn, og mot og visdom til å leve i samsvar med desse.
  • Å vere i kontinuerlig dialog og meningsutveksling med omgivelsane sine; familie, studie- og arbeidsplass, lokalmiljøet, grupper, samfunn nasjonalt og globalt osv. Det handlar om å kunne ta andres perspektiv, og å kritisk bearbeide sine eigne perspektiv.
  • Å la seg inspirere av kunst og kultur. Kunsten synleggjer og modellerar idear, førebilete og handlingsalternativ for oss på måtar som teoriar og argument ikkje er i stand til. I tillegg talar «det vakre» sterkare til følelseslivet, noko som gjer at det setter seg meir «i kroppen».

Wivestad trekker avslutningsvis inn Kierkegaard, som skiller mellom to typar danning, og det er den siste som har vore i fokus i denne artikkelen:

  • Instrumentell danning; dannelse av ytre ferdighet, og det vi vil tenke på som utdanning
  • eksistensiell danning; dannelse av «den du er», med personlegheit, verdiar, karakter o.l

Kierkegaard snakkar i kjent stil om «livet som en selvmotsigelse»: At vi som mennesker kontinuerlig blir strekt langs tre «akser»: 1) mellom det evige og det timelige, 2) mellom det fullkomne og det ufullkomne, og 3) mellom det åndelige og det kroppslige. I dette spennet er det vi må ta valg og utvikle vår karakter, og Kirkegaard beskriv også denne prosessen i noko som minner om tre livsfaser:

  1. Vi må særleg gjennom barne- og ungdomsåra lære å kjenne oss sjølv, med våre moglegheiter og begrensingar
  2. Vi må særleg i tidleg vaksenliv kjempe kampen mot oss sjølv for å finne eksistensiell meining i tilværelsen, og i mot eksistensiell meningsløyse
  3. Vi må særleg frå vaksenalder kjempe kampen mellom oss sjølv og andre for å finne vår autentisitet i spenningsrommet mellom egoet og felleskapet

Som vi ser; danning er eit mangfoldig og vidløftig prosjekt, men ved å peike ut klarare mål for elevane, og gje dei «verktøy» til å jobbe med utfordringane så kan dei kristne skulane forhåpentlegvis vidaresende elevane litt meir førebudde ut i «livets skule».

Til vidare fordjuping

Wivestad, Stein M. (Pedagogikk, periferi og verdi, kap 12 Livslang karakterdanning, red. Sævi, Tone og Biesta, Gert J.J., Fagbokforlaget 2020)

Engedal, Leif Gunnar (Mellom faktum og futurum, Tidsskrift for sjelesorg, 3/2002)

Print Friendly, PDF & Email