NT-tekstane si historiske truverdigheit

For å kunne ha tillit til Bibelen er det viktig å vita korleis Bibelen vart overlevert. Det gjev svar på spørsmål som: Kor nøyaktige var dei som skreiv av? Kor mange år gjekk det frå boka vart skriven, til den eldste avskrifta vi har? Og kva kan ha hendt i dei åra vi ikkje har manuskript frå?

Dei bibelske forfattarane legg sjølve stor vekt på at det dei skriv, er historisk påliteleg. I Første korintarbrev skriv Paulus at den kristne bodskapen er fullt ut avhengig av historiske fakta: «Men har ikkje Kristus stått opp, då har de ei unyttig tru, og då er de enno i syndene dykkar.» (1 Kor 15,17).

Ei sammanlikning – historia om Julius Cæsar og NT:

Vi reknar med at historia om den romerske keisaren Julius Cæsar (100–44 f.Kr.) er nokså påliteleg. I dei sju bøkene han skreiv om gallarkrigane, Commentarii dei bello gallico, fortel han om krigane han førte i åra mellom 58 og 52 f.Kr. Det er ingen grunn til å tvila på at framstillinga er historisk påliteleg.

Samtidig er det mange som tvilar på at boka om Jesus frå Nasaret er historisk påliteleg. Somme seier at heile historia om Jesus er oppspinn som vart dikta opp fleire hundre år etter at han levde. Men moderne forsking har synt oss at NT er den skriftsamlinga frå antikken (frå cirka 500 f.Kr. til 500 e.Kr.) som er grunna på flest gamle manuskript.

Bøkene som Julius Cæsar skreiv om gallarkrigane, finst i dag i ni ulike manuskript. Desse er avskrifter som vart gjorde omkring 900 år etter at Cæsar døydde. Dermed er det umogleg å vita kor nøyaktig teksta vart overlevert i desse 900 åra.

Til samanlikning er NT bevart i nærare seks tusen (5824) manuskript. Dei eldste av desse manuskripta vart skrivne av berre ein generasjon etter at Johannesevangeliet var ferdig. Det er altså svært stutt tid frå boka vart skriven, til den tidlegaste avskrifta som finst att. Og det er lite sannsynleg at det vart gjort store endringar i teksta på desse åra.

DaVinci-koden og påstanden om dei tapte evangelia

I nyare tid er det mange som har skrive spennande bøker som tar opp episodar frå oldkyrkja. Ei av dei mest kjente er DaVinci-koden. Det blir sagt at keisar Konstantin under kyrkjemøtet i Nikea i år 325 fekk teke ut dei ekte evangelia frå NT og sett inn dei fire som vi kjenner i dag: «Konstantin tinga og kosta ein ny bibel der ein utelét dei evangelia som omtala Jesu menneskelege drag, og opphøgde dei evangelia der han vart skildra som guddomleg. Dei tidlegare evangelia vart forbodne, samla inn og brende» (Dan Brown, daVinci-koden, side 259, oms. av HJS).

Dette kunne ha vore mogleg å tenkja seg – om ein ikkje hadde hatt nokon eksemplar av NT frå før år 325. Men no finst det i dag 67 manuskript av Det nye testamentet frå før år 325. Nokre av manuskripta inneheld heile evangelie eller brev, andre er mindre bitar av tekster.

I dag kan vi difor samanlikna manuskripta frå 300-talet med dei frå 200-talet, ja, til og med nokre frå 100-talet. Felles for dei er at ingen inneheld andre evangelie enn dei fire som står i Bibelen. Det er altså ikkje mogleg å påstå at evangelia vart bytte ut.

Den overleverte teksten

Av dei nærare seks tusen tekstfunna til NT er ikring 90 prosent svært like. Hos profeten Jeremia står det: «Eg vil vaka over ordet mitt, så eg set det i verk.» (Jer 1,12). Ut frå eit slikt bibelord kan ein tenkje seg at Gud har vaka over ordet sitt og teke vare på det gjennom historia.

Det vi finn er at bibelteksta har vore overlevert utruleg nøyaktig gjennom dei tallause avskriftene. Men mellom dei tidlegaste manuskripta frå 100- og 200-talet er det nokre variasjonar i skrivemåten av ord og setningar. Variasjonane mellom manuskripta er oftast små og har lite å seia. Men nokre stader vil eit eller fleire bibelvers mangle i dei tidlegaste manuskripta. Dei viktigaste stadene er Matt 6,13, Mark 16,9-20, deler av Luk 11,2-4, Joh 7,53-8,11 og Apg 8,37.

Den eldste tekstbiten

Den vesle papyrusbiten som er gitt namnet Papyrus 52, er sjølve perla mellom manuskripta. Papyrus 52 er berre 9 x 6 centimeter stort og vart funne i Egypt. P52 er ein liten bit av eit evangelium som vart handskrive kort tid etter at Johannesevangeliet var ferdig. På for- og baksida står delar av Joh 18,31–33 og 37–38. Ved hjelp av skriftanalyse vart manuskriptet datert til keisar Trajans tid (98–117 e.Kr). I dag er det vanleg å datera P52 til kring år 125 e.Kr., eller den første halvdelen av 100-talet. P52 fortel oss at Johannesevangeliet vart spreidd over eit så vidt område at eit eksemplar fanst i Egypt cirka år 125 e.Kr. Dette stadfester det bibelforskarar alltid har meint: At Johannesevangeliet må vera skrive så tidleg som kring år 90 e.Kr.