Kanonhistorie – Bibelens tilblivelse

På Jesu tid og i oldkyrkja fanst det fleire skrift i bruk mellom jødane, og mange av dei hadde høg autoritet. Også blant dei kristne fanst det etter kvart ei rekkje bøker både om Jesu liv og om apostlanes liv og lære. Var alle desse bøkene like pålitelege? Var dei alle heilage skrift som skulle ha autoritet i kyrkja?

Historia om korleis ein kom fram til at nett dei bøkene som no står i Bibelen, skulle høyra med til dei heilage skrifta, vert kalla kanonhistoria.

På gresk vart ordet kánon brukt om eit uthola, stivt røyr, til dømes av siv. Vi kjenner det att i våpenet «kanon» og i det uthola treet som vart til «kano». Eit slikt stivt røyr kunne ein òg laga ein linjal eller ei målestong av. I denne tydinga blir kánon brukt om ei samling med bøker: Desse bøkene skal vera målestokken for kva som er rett lære.

Kanon til GT

Jamnia, ein liten by vest for Jerusalem, er kjend som staden der sluttstreken vart sett for kanon til GT. Dette skal ha hendt i eit møte kring år 90 e.Kr. Men her avgjorde ein berre å halda på dei 39 bøkene; sjølve utvalet av bøker var gjort mykje tidlegare.

Jesus og apostlane følgde den jødiske tradisjonen.  Jesus synte ofte til bøkene i GT som autoritet i diskusjonar med dei skriftlærde: «Har de ikkje lese dette i Skrifta?» (Mark 12,10 og 26) Fordi Jesus og apostlane såg på GT som kanonisk, er det kanonisk òg for kristne i dag.

Kanon til NT

Det som er særmerkt for dei kristne finn vi i Det nye testamente. Samlinga av bøkene i NT til ein kanon tok mange år. Ein av dei store kristne leiarane i oldkyrkja var Augustin (354–430 e.Kr.). Han skriv om dette i boka Om den kristne læra.

Der fortel han kva som var viktigast då det vart avgjort kva for bøker ein skulle rekna med i kanon. Det han skriv, kan vi samla i tre punkt:

  1. Eit apostolisk opphav: Bøkene måtte vera skrivne av ein apostel eller av ein medarbeidar til ein av apostlane. Slik vart Markus- og Lukasevangeliet rekna som kanoniske: Markus var medarbeidaren til Peter, og Lukas var medarbeidaren til Paulus.
  2. Apostolisk innhald: Dei måtte innehalda den same bodskapen om Jesus som dei andre bøkene som alt var med i kanon.
  3. Allment utbreidde: Det var ikkje nok å koma med eit skrift som berre var i bruk nokre få stader. Bøkene måtte vera kjende og elska i heile kyrkja.

Sluttstreken for kanon til NT vart sett på kyrkjemøtet i Kartago i 397 e.Kr. Då vart det vedteke å ikkje rekna andre enn dei 27 bøkene vi har i NT i dag, med i kanon. Desse hadde biskop Athanasius i Alexandria lista opp i eit påskebrev frå år 367 e.Kr. Her bad han kyrkjene strengt om ikkje å rekna andre enn dei 27 NT-bøkene som heilage.

Men det var ikkje kyrkjemøte som valde ut dei 27 bøkene. Dei var allereie utbreidde og aksepterte som heilage skrifter og rettesnor for kva ein skulle tru og korleis ein skulle leva som kristen. Kyrkjemøtet i Kartago berre stadfeste kva for bøker som var kanoniske.

Utvalet av bøker var i praksis gjort over to hundre år tidlegare. Alt omkring år 180 finn vi ei kjerne av 21 bøker i kanon: Dei fire evangelia, Apostelgjerningane, 13 Paulusbrev, Peters første brev, Johannes’ første brev og Johannes’ Openberring. Seks av bøkene var endå ikkje i bruk alle stader: Hebrearbrevet, Jakobs brev, Peters andre brev, Johannes’ andre og tredje brev samt Judas’ brev.