Kva håp kan bere når draumen brest? Kva er sanning når svik og smerte vil kløyve sjela? Spørsmåla har dirra i ny drakt i den prislønte oppsetjinga av Haugtussa på Nasjonalteateret denne hausten.

Regissør Eline Arbo sin nyskapande teaterversjon av Arne Garborg sitt litterære storverk frå 1895 vart omfamna av både kritikarar og publikum ved premieren i 2024. Den er kåra til ei av dei fremste norske framsyningane dei siste 25 åra og fekk Hedda-prisen både for beste regi og beste audiovisuelle design i fjor. Denne hausten gjorde framsyninga eit kjærkome comeback på Nasjonalteateret, med siste oppsetjing nå til helga.

Kristendomskunnskap kompetansemål VGS:

Fortid møter nåtid

Haugtussa i Arbo sin versjon er ei spanande kopling av gamalt og nytt, både i lydbiletet og visuelt. Komponisten Thijs van Vuure kombinerer ny elektronisk musikk med Edvard Grieg si opprinnelege tonesetjing, medan dei bunad-inspirerte kostymene er som ein framtidsretta spegel av det urnorske. Parallelt med dette møtet mellom fortid og nåtid, er kontrasten mellom den store, nedstrippa og mørke teaterscena og dei kvite bunadane med blenkande søljer svært effektfulle. Når kvite skikkelsar stig ut av mørkret i det framsyninga byrjar, er det mest som eit draumesyn. Kontrasten mellom svart og kvitt skaper eit landskap der grensa mellom den synlege og usynlege verda blir flytande. Når så Veslemøy (Kjersti Tveterås) med innleving og sterkt nærvær deklamerer Haugtussa-prologen Til deg, du hei og bleike myr, vert den over 130 år gamle diktsamlinga vekt til liv for eit moderne publikum. Gjennom utsøkt samverknad mellom scenografi, musikk, kostymer og glitrande skodespel vert ein dregen inn i Haugtussa-universet.

Veslemøy si verd

Generasjonar av elevar har møtt Haugtussa i skulen, gjennom nokre av dei 71 dikta i denne mest lesne og avhaldne diktsamlinga frå 1800-talet. For oss jærbuar tett på «Haugtussa-landet», var det naturleg å lære fleire dikt utanåt på barneskulen. Her møtte me først den leikne, fantasifulle gjetarjenta Veslemøy, og såg fuglar, dyr og natur med hennar blikk. Veslemøy oppdagar så at ho er synsk, og ser både troll, hulder og nøkk – og menneska sitt indre. Kallenavnet «Haugtussa» gjer sin entré, saman med utestenging og lengt etter fellesskap. Samstundes forstår ho ikkje at jenter kan hige etter giftarmål. Så møter ho Jon, opplever kjærleik og svik. I denne djupe smerta er Veslemøy nær ved å gi seg over til haugfolket, som lover å sløkke sorga for alltid. Men ho vil ikkje rømme frå hjartesorga, vender om og høyrer si døde storesøster seie: «Fra alle troll du laus deg vann. Og i di sorg deg sjølv du fann». Den siste av dei ti bolkane i Haugtussa heiter då også «Fri».

Garborg si verd – og vår

Haugtussa kan ikkje sjåast isolert frå Garborg sitt liv og forfattarskapen elles. Jan Inge Sørbø peikar på at særleg er kampen om tru og tvil, strevet etter livsmeistring og spørsmålet om religion like mykje til stades i Haugtussa som i tidlegare verk. Garborg hadde vendt religionen ryggen, men sorga over dette tapet fylgde han. Ved å gå inn i den mytiske verda som Veslemøy levde i, kunne han legge bort sorga for ei tid. Sørbø er ikkje i tvil om at det er Garborg sjølv som talar i prologen Til deg du hei… og i Ved soleglad, som er dei to einaste «eg»-dikta. I prologen kjem hans eiga vedkjenning, og her – i ramma av det mytiske – kjem også løftet om lerkesong og vår, som gir håp. Samstundes gir diktet disposisjon til heile diktsamlinga og vegen som Veslemøy må gå; ned i mørket og opp i lyset. Teaterversjonen ender då også som originalen: «Du hev stridt. Du hev vunne. / No er du fri.»

Veslemøy er tru mot sanninga og kjærleiken

Veslemøy sigrar fordi ho er tru mot sine djupaste verdiar; kjærleiken og sanninga. Ho hadde kjempa for begge. Ho let seg ikkje lokke til å døyve hjartesorga, og heller ikkje til å gå på kompromiss med sanninga: «Å heller vil eg med augo sjå, enn dau og blind gjennom verda gå, og ikkje det sanne skilja». Det er som me høyrer ekko av Garborg sin religiøse humanisme. Understraumen i Haugtussa er nettopp forfattaren si eiga vedkjenning til «Trua på livet», slik han skreiv i Samtiden i 1894. Og likevel anar me ein lengt etter Han som gav livet, når Garborg lar Haugtussa be «Ja, hjelp meg du som hjelpe kan» når ho kjempar som verst.

Foto: Caroline Seide

Foto: Caroline Seide